Hugh Hopper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hugh Hopper

Fødd29. april 1945
Canterbury i Kent i England
FødestadCanterbury
Død7. juni 2009 (64 år)
FødenamnHugh Colin Hopper
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–2009
SjangerJazzfusion, progressiv rock, eksperimentell
InstrumentBassgitar
Tilknytte artistarThe Wilde Flowers, Soft Machine, Robert Wyatt
Verka somMusikar, låtskrivar

Hugh Colin Hopper (29. april 19457. juni 2009) var ein engelsk bassgitarist innan progressiv rock og jazzfusion. Han var eit viktig medlem i Canterbury scene, som medlem av Soft Machine og forskjellige andre tilknytte band.[1]

Han starta karrieren i 1963 som bassist med The Daevid Allen Trio, i lag med trommeslagar Robert Wyatt, og skifta mellom frijazz og rhythm and blues. I 1964 starta han i lag med Brian Hopper (broren), Robert Wyatt, Kevin Ayers og Richard Sinclair The Wilde Flowers, eit popband. Dei gav aldri ut nokre innspelingar medan dei eksisterte, men vart rekna som grunnleggjarar av Canterbury scene[2] og utvikla seg til gruppene Soft Machine og Caravan.

Hopper starta først i Soft Machine som turnemanager, men han skreiv låtar alt for det første albumet, The Soft Machine og spelte bass på ein av songane. I 1969 vart han hyrt inn som bassist i bandet for det ander albumet deira, Volume Two og i lag med Mike Ratledge og Robert Wyatt, tok han del i innspelinga av eit soloalbum for Syd Barrett (tidlegare i Pink Floyd)[3]). Hopper spelte bass i Soft Machine fram til 1973. I 1972 spelte han inn det første soloalbumet sitt, 1984 (kalla opp etter George Orwell-romanen).

Resten av 1970-åra arbeidde han med grupper som Stomu Yamashta sitt East Wind, Isotope, Gilgamesh og Carla Bley Band. Han spelte òg i fleire band i lag med tidlegare Soft Machine-saksofonisten Elton Dean: Hopper/Dean/Tippett/Gallivan (med pianist Keith Tippett og trommeslagar Joe Gallivan) og Soft Heap (med klaverspelaren Alan Gowen og trommeslagar Pip Pyle).

I 1980-åra tok Hopper seg ein pause, før han i siste halvdel av 1980-åra byrja å arbeide med fleire band, mellom anna Pip Pyle sitt Equipe Out og Phil Miller sitt In Cahoots. Han spelte òg med ei gruppe nederlandske musikarar som først kalla seg Hopper Goes Dutch. Etter at den franske gitaristen Patrice Meyer vart med, vart denne gruppa kjend som Hugh Hopper Franglo-Dutch Band.

Etter fleire år i hovudsakleg instrumentale jazzgrupper, som Short Wave, i 1990-åra, byrja Hopper igjen å arbeide med meir rock-orienterte band, som Caveman Shoestore og songaren Lisa S. Klossner.

I 1990- og 2000-åra spelte Hopper i fleire band med tidlegare Soft Machine-medlemmmar, som SoftWorks, og seinare Soft Machine Legacy. I 2008 fekk Hopper diagnosen leukemi og døydde til slutt av sjukdommen i 2009.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som seg sjølv[endre | endre wikiteksten]

  • 1973: 1984
  • 1976: Cruel But Fair
  • 1977: Hopper Tunity Box
  • 1978: Soft Head - Rogue Element
  • 1979: Soft Heap
  • 1980: Two Rainbows Daily
  • 1985: Mercy Dash
  • 1985: Monster Band
  • 1989: Alive
  • 1991: Meccano Pelorus
  • 1993: Hugh Hopper and Odd Friends
  • 1993: Short Wave Live
  • 1994: A Remark Hugh Made
  • 1994: Hooligan Romantics
  • 1995: Carousel
  • 1995: Caveman Hughscore
  • 1995: Adreamor
  • 1996: Somewhere In France
  • 1996: Bracknell-Bresse Improvisations
  • 1996: MASHU - Elephants in your head?
  • 1996: Best Soft (samling)
  • 1997: Huge
  • 1997: Highspot Paradox
  • 1998: Different
  • 1999: Delta Flora
  • 2000: Cryptids
  • 2000: Parabolic Versions
  • 2002: Jazzloops
  • 2003: In a Dubious Manner
  • 2004: The Stolen Hour
  • 2007: Soft Mountain
  • 2007: Numero D'Vol
  • 2008: Dune

Med Soft Machine[endre | endre wikiteksten]

Med andre (ikkje utfyllande)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]