Hugh Padgham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hugh Padgham
Yrke produsent, lydteknikar
Plateselskap Universal, Islands, London, London UK,-dur Records

Hugh Padgham er ein britisk plateprodusent. Han har vunne mange prisar, mellom anna fire Grammyprisar som årets produsent i 1985 og årets lydteknikar. I 1992 vart han av magasinet Mix kåra til ein av dei ti viktigaste produsentane i verda.

Padgham byrja som assistent i Advision Studios, og arbeidde på innspelingar for Yes og Emerson, Lake and Palmer. Frå der drog han til Lansdowne Studios og vart der leiande lydteknikar. I 1978 fekk Padgham jobb i The Townhouse, der han var lydteknikar og/eller produsent for artistar som XTC, Peter Gabriel og Phil Collins.

Sidan Padgham hadde arbeidd med Gabriel og Collins førte dette til eit langt og særs suksessrikt samarbeid med Genesis i 1980-åra, der han produserte fleire hitalbum og singlar, som Genesis og Invisible Touch. I tillegg arbeidde Padgham på to album av The Police: Ghost in the Machine og Synchronicity, samt Paul McCartney sitt Press to Play og The Human League sitt Hysteria.

I 2000-åra hadde Padgham stor suksess med Sting og McFly.

Padgham er kjend for å ha skapt den portstyrte trommelyden som er så prominent på Phil Collins-songen «In the Air Tonight», og som vart mykje nytta i popmusikken i 1980-åra.

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Artistar som Padgham har produsert eller vore lydteknikar for er mellom andre:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]