Hugin AUV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hugin AUV er ein undervassfarkost utvikla og produsert av Kongsberg Gruppen, i Horten i Vestfold. Den nyttast til autonome undervassoppdrag, både i sivil og militær samanheng til inspeksjon av undervassinstallasjonar (oljeledningar) eller i søk etter sjøminer. Den brukast av fleire land, deriblant Noreg.[1]

Hugin AUV kan leite etter ting på havbotnen ned til 6000 meters djup og kan styrast gjennom akustiske signal (engelsk:"acoustic tether"). Den kan òg vere autonom med leiteprogrammet sett på førehand. Navigasjonen vil då vere tråleiksnavigasjon av typen "Aided Inertial Navigation System" (AINS). Typisk vil ein Syntetisk apertur-sonar vere ein av sensorane, saman med ekkolodd, magnetometer og digitale kamera.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.km.kongsberg.com/ks/web/nokbg0240.nsf/AllWeb/B3F87A63D8E419E5C1256A68004E946C?OpenDocument