Hugo Bernhard Rahamägi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hugo Bernhard Rahamägi
Hugo Bernhard Rahamägi, 1920s.jpg
Fødd 2. juni 1886
Kurtna
Død

1. september 1941 (55 år)
Kirov

Yrke teolog, universitetslærar, politikar
Hugo Bernhard Rahamägi på Commons

Hugo Bernhard Rahamägi (fødd 2. juni 1886 i Kurtna i Hageri i Estland, død 1. september 1941 i Kirov i den russiske delen av Sovjetunionen) var dr.theol. og den andre biskopen for Den estiske evangelisk-lutherske kyrkja, frå 1934 til 1939.

Han tok teologisk utdanning og vart luthersk geistleg. Frå 1919 til 1920 var han prost på Saaremaa. Deretter byrja han å undervise i teologi ved Universitetet i Tartu.

Hugo Bernhard Rahamägi tok doktorgraden i teologi ved Universitetet i Berlin i 1924. Deretter var han estisk undervisingsminister i ein kort periode frå 27. mars 1924 til 17. desember 1925, i tillegg til at han var professor i teologi ved Universitetet i Tartu.

Han vart biskop i 1934; han vart vald den 19. juni og ordinert den 16. september. Frå 1938 til 1939 sat han som medlem av nasjonalforsamlinga Riigikogu. Då han i 1939 skilde seg frå hustrua Edith (med jentenamn Hendrikson, 1893–1940), slo det ned som ei bombe, og Rahamägi måtte trekkje seg frå bispeembetet. At han så giftet seg med Melanie Kukk, enkja til den føregåande biskopen Jakob Kukk, bidrog til ei allmenn interesse for saka.

Han vart arrestert den 26. april 1941 av dei sovjetiske okkupantane etter at Sovjetunionen hadde annektert landet som følgje av Molotov-Ribbentrop-pakta (1939), deretter bortført og så avretta den 1. september 1941. Som ein del av den allmenne sovjetiske politikken i Estland vart også 15 lutherske prestar deporterte til Sibir i den same perioden, to vart drepne og ni vart mobiliserte til den sovjetiske hæren.

Utmerking[endre | endre wikiteksten]

Han vart den 23. februar 1938 tildelt Den estiske raudekrossordenen av 1. klasse.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Veiko Vihuri: Hugo Bernhard Rahamägi, EELK teine piiskop 1934-1939, 2007.