Hugo Hildebrand Hildebrandsson
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hugo Hildebrand Hildebrandsson | |
![]() | |
Fødd | 19. august 1838 Stockholm |
---|---|
Død | 29. juli 1925 |
Nasjonalitet | Sverige |
Område | meteorologi |
Yrke | meteorolog, dosent, universitetslærar, fysikar |
Institusjonar | Uppsala universitet |
Alma mater | Uppsala universitet |
Medlem | Vitskapsakademiet i St. Petersburg Kungliga Vetenskapsakademien Det russiske vitskapsakademiet |
Hugo Hildebrand Hildebrandsson (19. august 1838–29. juli 1925) var ein svensk meteorolog, professor og sjef for det meteorologiske institutt ved Universitetet i Uppsala frå 1878 til 1907.
Han deltok i den internasjonale meteorologiske komitéen frå 1878 til 1907 og var viktig i organiseringa av det internasjonale samarbeidet i meteorologien. Han er kjend for klassifiseringa av skyer i lag med Ralph Abercromby og dei gav ut eit internasjonalt skyatlas i 1896. Hildebrandsson publiserte òg arbeid om atmosfærisk sirkulasjon og utnytta mellom anna rørslene til skyene til å estimere vinden i høgare luftlag.
Han var medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet og sat i komiteen som avgjorde nobelprisen i fysikk.