Hugo Simberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hugo Simberg

Sjølvportrett, 1907]]
Statsborgarskap Finland
Fødd 24. juni 1873
Fredrikshamn
Død

12. juli 1917 (44 år)
Etseri

Yrke kunstmålar, bilethoggar, arkitekt, grafikar
Språk svensk
Far Tom Simberg
Hugo Simberg på Commons

Hugo Simberg (24. juni 187312. juli 1917) var ein finsk målar, grafikar og skulptør, fødd i Fredrikshamn. Så å seie all hans kunst høyrer til stilretninga symbolismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sårad ängel, 1903, kåra til Finlands nasjonalmåleri i 2007.

Simberg var son til ein oberst. Han voks opp i Fredrikshamn til familien flytta til Viborg då han var åtte år gammal. Han utdanna seg på ein teikneskule i Helsingfors 1893-95 og dei to neste åra hos Akseli Gallen-Kallela i Ruovesi. Deretter vitja han dei italienske byane Firenze, Pisa, Roma, Napoli og Venezia frå november 1897 til sommaren 1898. Hausten 1898 vart han medlem av Konstnärsgillet. Frå januar 1899 var han lærar ved ein teikneskule i Viborg. I juni same året la han ut på ei lengre studiereise i Russland, mellom anna i Kaukasus. Seinare gjorde han utferder til Italia, Frankrike og USA.

Simberg laga symbolistiske måleri som til dømes Sårad ängel (1903), Flodstranden og Döden i ein vemodig, bisarr stil som til ein viss del minner om Ivar Arosenius sine bilete. Simbergs kunst vart heller lite påakta medan han levde. Etter han døydde i Etseri i 1917 vart det stelt i stand to utstillingar i Helsingfors med Simbergs kunst. Desse utstillingane vekte både allmenta og kritikken, slik at arbeida hans vart jamt meir påakta. I Sverige vart to utstillingar i 1924 og 1929 med finsk kunst, der verk av Hugo Simberg hengde jamsides det beste av Akseli Gallen-Kallela sin produksjon på heidersplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]