Hugo van der Goes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hugo van der Goes

Statsborgarskap De burgundiske Nederlandene
Fødd 1440
Gent
Død

1482 (42 år)
Red Cloister

Yrke kunstmålar, teiknar, kunstnar, historiemaler, miniaturist
Språk flamsk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Hugo van der Goes på Commons
Syndefallet, ca. 1467/68

Hugo van der Goes (14401482) var ein nederlandsk målar under ungrenessansen. Han var samtidig med Jan van Eyck.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hugo van der Goes var fødd i Gent og kom inn i målarlauget i Gent 1467, var leiar for dette frå 1474. Straks deretter vart han lekmannsbror i Roodeklostret nær Brussel. Frå den tid leid han av stendig kraftigare anfall av depresjon og var psykisk ustabil.

Hans fremste og einaste heilt sikre verk er triptyken Portinarialtaret frå 1476-78, med si tolking av Jesu fødsel etter den heilage Birgitta si openberring. Verket var bestilt av den florentinske kjøpmannen Tommaso Portinari. Triptyken vart ført til Firenze og hadde stor påverknad på florentinsk kunst, til dømes Ghirlandaios seine verk.

Mellom andre verk finst ei framstilling av same motivet i Kaiser Friedrich-Museum i Berlin. Dette arbeidet vert tilskrive Hugo van der Goes, sameleis med Kongane tilber der. Vidare vert Hugo van der Goes rekna som opphavsmann til eit idptykon med Syndefallet i Wien, ein madonna i halvfigur i Frankfurt am Main, samt fleire andre verk.

Den einaste eigentlege etterfølgjaren hans, var den såkalla Moulinsmeisteren, Jean Hey.

Hugo van der Goes døydde i Brussel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hugo van der Goes