Hugo von Hofmannsthal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hugo von Hofmannsthal

Pseudonym Loris, Theophil Morren
Statsborgarskap Austerrike, Austerrike-Ungarn
Fødd 1. februar 1874
Wien
Død

15. juli 1929 (55 år)
Rodaun, Wien

Yrke romanforfattar, librettist, lyrikar, skodespelforfattar, skribent, manusforfattar, komponist
Språk tysk
Medlem av Young Vienna
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Hugo von Hofmannsthal
Mor Anna von Hofmannsthal
Ektefelle Gertrud Schlesinger
Born Raimund von Hofmannsthal, Christiane Zimmer, Franz von Hofmannsthal
Signatur
Hugo von Hofmannsthal på Commons

Hugo von Hofmannsthal (1. februar 187415. juli 1929) var ein austerriksk skjønnlitterær forfattar, fødd i Wien og død i Rodaun, som frå 1938 vart ein bydel i Wien. Han var med på å skipa festspela i Salzburg i Austerrike i 1920, og skodespelet hans, Jedermann, vert alltid framført under opninga av desse årlege festspela.

Hugo von Hofmannsthal var sentral innan austerriksk nyromantikk,[1] og vert halden for å vere ein av dei viktigste representantantane for den tyskspråklege fin de sièclelitteraturen og den litterære luten av kunstretninga Wiener Moderne, som gjorde seg gjeldande på dei fleste områda i kunst- og kulturlivet i Austerrike på dei tidene.

Kunstnarleg verksemd[endre | endre wikiteksten]

Hugo von Hofmannsthal er namngjeten for sin lyrikk, Gesammelte gedichte (Samla dikt) (1907) og som skodespelforfattar. Han har skrive skodespela Teater in versen (1899), Der Tor und der Tod (Døden og døden) (1900), Der Tod des Tizian (Tizians død) (1901) og Kleine dramen (Små drama), og har gjort ei omdiktning av eit motiv frå Sofokles si Elektra (1903). Dessutan har han omdikta Otways Das gerettete Venedig (1905) og den antikke sagaen om Oidipus (1905), og er forfattar av fleire esseyar.

Frå 1908 samarbeida Hugo von Hofmannsthal og den austerrikske komponisten Richard Strauss. I tida frametter gav han mellom anna ut komedien Christinas Heimreise, ei omdikting av eit moralstykkje frå engelsk mellomalder med tittelen Jedermann (Einkvar), Alkestis og ein «komedie med musikk til», Der Rosenkavalier (Rosenkavaleren), Ariadne auf Naxos (Ariandne på Náxos), forteljinga Die frau ohne Schatten, komedien Der Schwierige, Reden und Aufsätze (1921), nokre nye Gedichte og ein Buch der Freunde.

Saman med Max Reinhardt og Richard Strauss skipa han i 1920 Festspela i Salzburg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Wessel, Elsbeth. «Hugo Von Hofmannsthal» (16. april 2013). Store norske leksikon. Henta 5. september 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen som har med Austerrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.