Huis ter Nieuwburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 52°2′56″ N 4°19′39″ E

Fronten av slottet i 1665

Huis ter Nieuwburg eller Huis ter Nieuburch («huset i Nyborg») var eit slott i Rijswijk i Holland i Dei sameinte Nederlanda. Den symmetriske franske klassisistiske bygninga vart truleg teikna av den franske arkitekten Jacques de la Vallée og vart bygd mellom 1633 og 1636 for statthaldar prins Fredrik Henrik.

Slottet med hagar var landstaden til prinsane av Oranien i mange år og vart åstad for fredsforhandlingane som førte fram til freden i Rijswijk i 1697. Etter at prins Vilhelm III døydde i 1702, vart slottet arva av kongane av Preussen, fram til det vart gjeve attende prinsane av Oranien av kong Fredrik II.

Hagane kring slottet var formelle franske renessansehagar anlagte i 1636. Føre slottet stod tre og blomsterbed omringa av murar. Bak slottet var ein større hage med fire rektangulære damar.

Bygninga, som vart vanstelt i mange år, vart riven ned i 1790. I dag er området eit skogområde kalla Rijswijkse Bos. Dei einaste restane etter slottet er to av dammane og ein obelisk til minne om fredsavtalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]