Huizen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huizen
kommune
Land  Nederland
Areal 23,33 km²
Folketal 41 090 (1. januar 2021)[1]
Kart
Huizen
52°17′58″N 5°15′11″E / 52.2994°N 5.2531°E / 52.2994; 5.2531
Wikimedia Commons: Huizen

Huizen er ein kommune i Nederland i provinsen Noord-Holland. Kommunen har eit areal på 23,28 km² og eit folketal på 41 974 (2004).

Namnet «Huizen» er nederlandsk fleirtal for 'hus' er blitt knytt til ei oppfatting om at dei fyrste steinhusa i området, i staden for dei vanlegare torvhusa, blei bygde her. Huizen er del av storbyområdet Amsterdam.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart av Huizen frå mars 2014.

Huizen var opphavleg ein landbrukslandsby i nærleiken av Zuiderzee til 1932, då bukta blei demma opp. Om vinteren dreiv bøndene fiske, og dette førte til ein overgang til ein blømande fiskeindustri som blei stimulert av hamn bygd rundt 1850. Etter oppdemminga av Zuiderzee gjennom bygginga av Afsluitdijk i 1932 blei havbukta omdanna til ein innsjø.

På 1960-talet blei området utpeika til å husa store byggjefelt for å takla mangelen på husvære i regionen. Etter dette voks folketalet i landsbyen kraftig.

Der blokka Phohi i Huizen no står var det før andre verdskrigen ein stor radiosendar som blei bygd i 1923 og kunne kontakta Nederlandsk Austindia 12 000 km unna.

Huizermolen, ei stubbmølle i Huizen frå rundt 1665, blei demontert i 1916. Ho blei reist att i 1919 ved Nederland frilutftsmuseum i Arnhem i Gelderland.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Huizen