Hopp til innhald

Hukou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hukou
Kinesisk namn
Forenkla kinesisk户口
Tradisjonell kinesisk戶口
Alternativt kinesisk namn
Forenkla kinesisk户籍
Tradisjonell kinesisk戶籍
Tibetansk namn
Tibetanskཐེམ་ཐོ
Uigurnamn
Uiguriskنوپۇس
Hukoubok i Folkerepublikken Kina

Hukou[a] òg kalla hùjí[b] er det offisielle systemet for bustadkontroll i Kina. Kinesarar har ikkje utan vidare rett til fri busetnad i sitt eige land. Det finst hukoubøker (户口登记本, familieregister) som kvar familie i Kina skal ha i eige, og som opplyser om alle viktige personaliahendingar (som fødslar og ekteskap).

Det finst òg liknande registreringssystem i Taiwan (også kalla hukou) og i andre austasiatiske land:

Tidleg forhistorie

[endre | endre wikiteksten]

Det fanst familieregister i Kina så tidleg som under Xiadynastiet (ca. 2100-1600 f.Kr.). I hundreåra som følgde blei systemet utvikla til å registrera familie- eller klangrupper og tente til organisering av skattlegging, militærteneste og sosial kontroll.

Ifølgje Eksaminasjon av Hukou i Wenxian Tongkao frå 1317 var det ein folkesetnadsminister under Zhoudynastiet ved namn Simin (司民), som hadde til oppgåve å sjå til registrering av fødslar, dødsfall og ut- og innflytting. I Zhouritane blir det sagt at kopiar av dokumenta blei oppbevarte på tre ulike stadar. Familane var organiserte i baoji-systemet.

Guan Zhong, som var statsminister i staten Qi i det 7. hundreåret f.Kr. , innførte ulike skatt- og militærtenesteregime frå område til område. Dessutan forbaud han fri immigrasjon, emigrasjon og deling av familiar. For alt dette måtte ein få løyve frå styresmaktene.

Xiao He, den fyrste kanslaren i Han-dynastiet, la til kapittelet Hu (kinesisk skrift 户律: ) som ein an dei ni grunnleggjande lovane under Han (九章律). Der blei hukou-systemet fastlagt som grunnlag for skattlegging og innkalling til soldatteneste.

Hukou-systemet under Mao

[endre | endre wikiteksten]

Under styret til Mao Zedong (1949-1976) var bustadkontrollen og den tilknytte tvangsmessige folkesetnadsimmobiliteten eit sentralt element i kontrollen styresmaktene hadde over folkesetnaden. Opphald i den registrerte bustaden var ein føresetnad for eitkvart lovleg yrke, tildeling av mat og andre naudsynt goder.

Etter reformene til Deng Xiaoping blei det mogleg for mange borgarar å flytta uoffisielt til stadar med betre arbeidshøve. Dette førte til store migrasjonsstraumar til dei økonomisk betrestilte kystregionane.

I 2012 var det truleg mellom 150 og 200 millionar kinesarar som budde ein annan stad enn sin hukou.[1] Det offisielle bandet til ein heimstad dei har forlate inneber ofte vesentlege ulemper, og påverker òg skulegangen og tilgang til gaokaoeksamen for barna deira. Barn får ikkje hukou etter fødestaden, men etter foreldra (eller ein av foreldra) sin hukou.

  1. forenkla kinesisk 户口, tradisjonell kinesisk 户口, pinyin Hùkǒu
  2. 户籍
  1. FAN, Cindy C. "China on the move", s. 1