Hulda i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°49′56.28″N 34°53′0.24″E
kibbutz Hulda
landsby
Hulda lane.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Koordinatar 31°49′56.28″N 34°53′0.24″E
Grunnlagd 1930
 - Grunnlagd av Gordonia-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hulda, Israel

Hulda (hebraisk skrift חֻלְדָּה) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah nær Huldaskogen og Burmavegen og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 332.[1] Kibbutzen er kalla opp etter den palestinske landsbyen Khulda, som låg i nærleiken fram til den arabisk-israelske krigen i 1948.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke i Hulda.

I 1905 kjøpte Anglo Palestine Bank 2000 mål med land frå Saidun-stamma for ein jødisk busetnad nær Jaffa–Jerusalem-banen. Landområdet vart overført til Jewish National Fund som igjen gav det vidare til Eretz Israel Office. I 1909 vart Hulda gard grunnlagd og ein ein bygning (i dag Herzl-huset) vart bygd for å huse styraren av garden og seinare grupper av pionerar som fekk opplæring der før dei grunnla Ein Harod, Kfar Yehezkel, Ginegar og andre kibbutzim.[2]

Under Palestinaopprøra i 1929 vart garden angripen og øydelagd. Britiske styrkar gav ordre om å evakuere nybyggjarane, men hindra dei i å ta med seg liket av Efraim Chizik, sjefen for Haganah som omkom i slaget.[3] I 1931 slo ei pionergruppe frå Gordonia seg ned i Hulda. Garden leid under fleire åtak under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939.[2]

Under den israelske sjølvstendekrigen i 1948 tente garden som hovudkvarter for Yiftach-brigaden til Palmach og som base for konvoiar som førte forsyningar til Jerusalem.[1][4]

Kibbutzen vart utgangsposisjonen til jødiske konvoiar som prøvde å bryte gjennom den arabiske kringsetjinga av Jerusalem. 230 konvoiar sette ut for å bringe forsyningar til Jerusalem.[5]

Tidleg i 1980-åra budde det 220 menneske her, men økonomiske vanskar førte til at mange familiar flytta, og berre halvparten vart verande att. Kibbutzen er sidan blitt privatisert.[6]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hulda vingard, som dekkjer over 1 200 mål, er den største enkle vingarden i Israel.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 174. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  2. 2,0 2,1 Herzl never lived here
  3. The First Forest
  4. Shabtai Teveth (1996) Ben Gurion's Spy Columbia University Press ISBN 0-231-10464-2 s. 19-20
  5. http://www.gemsinisrael.com/e_article000003340.htm The Convoy Skeletons]
  6. With interest waning, kibbutzim adopt new approach to survive
  7. About Barkan Winery