Hultsfred

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 57°29′00″N 15°50′00″E

Hultsfred jarnbanestasjon

Hultsfred er ein svensk by og centralort i Hultsfreds kommun i Kalmar län i landskapet Småland. I 2005 hadde byen 5 305 innbyggjarar. Hultsfred er kjend for Hultsfredsfestivalen, ein av dei største musikkfestivalane i Skandinavia og er Rock City i Sverige.

I mange år var treindustri det som kjenneteikna staden. Omkring 1970 hadde Hultsfreds-Hus 1100 tilsette.

Staden er første gong nemnd i 1320, då den blei kalla Huluzrydh, rydningen ved innsjøen Hulingen. Dette blei seinare nemnd som Hulingsryd i skrift og etter kvart til Hullsre i muntleg form før den noverande forma blei etablert. Hultsfreds Slätt var mellom 1798 og 1918 Calmare Regimentets faste øvingsplass. I 1927 blei staden köping etter at det tidlegare hadde høyrt til Vena kommun. Eiga kyrkje blei bygd i 1938, og då den nye storkommunen blei etablert i 1971, blei Hultsfred centralort. I dag er det jernbanessamband med Stockholm, Linköping, Nässjö, Oskarshamn og Kalmar, og jernbanen, som kom i 1874, har hatt stor tyding for utviklinga av byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]