Human Be-In

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Human Be-In var ei hending i Golden Gate Park Polo Field i San Francisco den 14. januar 1967.[1] Det var opptakten til Summer of Love i San Francisco, om gjorde Haight-Ashbury-distriktet til eit symbol på amerikansk motkultur og introduserte ordet «psykedelisk» for forstadane.

Hendinga vart annonsert på framsida av San Francisco Oracle som «A Gathering of the Tribes for a Human Be-In». Høvet var at ei ny lov i California gjorde det psykedeliske dopet LSD forbode.[2]

Talarane på møtet var alle inviterte av Michael Bowen, som organiserte hendinga, og inkluderte Timothy Leary for første gongen i San Francisco. Han sette tonen denne ettermiddagen med den kjende setninga «Turn on, tune in, drop out».[3] Andre talarar var Richard Alpert (som kom til å bli kjend som «Ram Dass»), og diktarar som Allen Ginsberg, Gary Snyder og Michael McClure. Andre folk frå motkulturen var komikaren Dick Gregory, Lenore Kandel, Lawrence Ferlinghetti, Jerry Rubin og Alan Watts. Lokale rockeband underheldt med musikk, som Jefferson Airplane, The Grateful Dead, Big Brother and the Holding Company, Quicksilver Messenger Service og Blue Cheer.[4]:186-191 «Undergrunnskjemikaren» Owsley Stanley fekk i stand massive mengder med LSD.[5]

Nasjonale media vart sjokkerte over det dei såg, og rapportar frå hendinga førte til at store mengder ungdomar frå heile Amerika reiste til Haight-Ashbury-området.[6] Etter kort tid fekk alle slags samlingar og anna eit «-In»-namn, som komishowet Laugh-InNBC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «American Experience Summer of Love». PBS. 
  2. Powis, Neville (22. januar 2003). «The Human Be-In and the Hippy Revolution». Radio Nederland Worldwide. Arkivert frå originalen 23. juli 2019. Henta 23. juli 2019.  Invalid |dead-url=bot: unknown (hjelp)
  3. «Reliving the Human Be-In 50 years later». San Francisco Chronicle. Henta 17. august 2017. 
  4. Miles, Barry (2004). Hippie. Sterling. ISBN 978-1-40271-442-9. 
  5. Grogan, Emmett (1990). Ringolevio: A Life Played for Keeps. Citadel Press. ISBN 0-8065-1168-0. 
  6. Weiss, Gregory L. (2006). Grassroots Medicine: The Story of America's Free Health Clinics. Rowman & Littlefield. ISBN 978-0-74254-070-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]