Humboldtpelikan
| Humboldtpelikan | |
Humboldtpelikan | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av humboldtpelikan | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Pelikanfuglar Pelecaniformes |
| Familie: | Pelikanfamilien Pelecanidae |
| Slekt: | Pelikanfamilien Pelecanus |
| Art: | Humboldtpelikan P. thagus |
| Vitskapleg namn | |
| Pelecanus thagus | |
Humboldtpelikan (Pelecanus thagus) er ein meget stor sjøfugl og medlem av pelikanfamilien. Han lever på vestkysten av Sør-Amerika og hekkar i lause koloniar frå om lag 33,5 grader sør i sentrale Chile til Piura i nordlege Peru. Han kan òg bli observert som ein streiffugl i sørlege Chile og Ecuador.[1] Tidlegare blei han rekna som ein underart av brunpelikan (Pelecanus occidentalis).
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Desse fuglane er mørke i fargen med ei kvit stripe som går frå nebbrota over panna opp til issen og ned langs sidene av halsen. Dei har lange, tufsa fjører på toppen av hovudet. Ungfuglar får full moden drakt etter to år. Humboldtpelikan er monaleg større enn brunpelikanen, med ei vekt frå om lag 5 til 7 kg, ei kroppslengd på 137 til 152 cm og eit vengespenn på om lag 228 cm.[1][2] Sammenlikna med brunpelikanen har han òg proporsjonalt lengre fjørtufsar på hovudet og skil seg ut med ulik farge på strupeposen, nebbet, skulderfjøra og dei største dekkfjøra på vengene.[1]
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Hovudsesongen for hekking skjer frå september til mars. Kullet består vanlegvis av to eller tre egg. Egga blir ruga i omtrent 4 til 5 veker, og ungar blir sytte for i rundt 3 månader. Hekking skjer i store koloniar ved kysten.[3]
Næring
[endre | endre wikiteksten]Humboldtpelikan et fleire ulike fiskeartar. I motsetning til brunpelikanen stuper han aldri frå stor høgd for å fange byttet sitt, men stupdukkar heller frå lågare høgd eller fangar fisk medan han sym på vassoverflata.[4][5] I nokre tilfelle kan han òg ta andre byttedyr, som ungar av knoppskarv, humboldtdukkpetrell, ørkenmåse og til og med ungar av sin eigen art. Han et òg pelagiske artar som ansjos.[5] I dei nordlege delane av Perustraumen livnærer han seg nesten utelukkande av ein art, den peruanske ansjovetaen.[6]
Fuglane finn føda si i område med oppvelling av kaldt vatn og held seg langs Perustraumen.[5]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen var baset på «Peruvian pelican» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2025
- Referansar
- 1 2 3 del Hoyo, J., N. Collar, E. Garcia, G. M. Kirwan, og V. Pantoja-Maggi (2024). Peruvian Pelican (Pelecanus thagus), version 1.1. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, E. de Juana, og F. Medrano, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.perpel1.01.1
- ↑ Schulenberg, Thomas S.; Stotz, Douglas F.; Lane, Daniel F.; O'Neill, John P.; III, Theodore A. Parker (4. mai 2010). Birds of Peru: Revised and Updated Edition (på engelsk). Princeton University Press. ISBN 978-1-4008-3449-5.
- ↑ «Peruvian Pelican (Pelecanus thagus) - BirdLife species factsheet». datazone.birdlife.org. Henta 14. juni 2023.
- ↑ Jaramillo, A. (2009). «Humboldt Current seabirding in Chile». Neotropical Birding 4: 27–39 url=https://www.researchgate.net/profile/Alvaro–Jaramillo–4/publication/317097666_Humboldt_Current_seabirding_in_Chile/links/5925b62b458515e3d44dcfd7/Humboldt–Current–seabirding–in–Chile.pdf.
- 1 2 3 Jeyasingham, Will S.; Taylor, Scott A.; Zavalaga, Carlos B.; Simeone, Alejandro; Friesen, Vicki L. (2013). «Specialization to cold-water upwellings may facilitate gene flow in seabirds: new evidence from the Peruvian pelican Pelecanus thagus (Pelecaniformes: Pelecanidae)». Journal of Avian Biology (på engelsk) 44 (3): 297–304. doi:10.1111/j.1600-048X.2012.00004.x.
- ↑ Passuni, Giannina; Barbraud, Christophe; Chaigneau, Alexis; Demarcq, Hervé; Ledesma, Jesus; Bertrand, Arnaud; Castillo, Ramiro; Perea, Angel; Mori, Julio; Viblanc, Vincent A.; Torres-Maita, Jose; Bertrand, Sophie (2016). «Seasonality in marine ecosystems: Peruvian seabirds, anchovy, and oceanographic conditions». Ecology 97 (1): 182–193. Bibcode:2016Ecol...97..182P. ISSN 0012-9658. JSTOR 24703004. PMID 27008787. doi:10.1890/14-1134.1.