Humittgruppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Humittgruppa ei gruppe gule til brune mineral som opptrer i einskilde kontakt- og skarnførekomstar. Dei er magnesiumsilikat med fluor og hydroksyl. Humittgruppa omfattar fleire mineral som er kjemisk og strukturelt nærskyldt: norbergitt Mg3SiO4(OH,F)2(rombisk), chondroditt Mg5(SiO4)2(OH,F)2(monoklin), humitt Mg7(SiO4)3(OH,F)2(rombisk) og klinohumitt Mg9(SiO4)4(OH,F)2(monoklin).

Det er kalla opp etter A. Hume, 1749–1838, ein engelsk kunst- og mineralsamlar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]