Humleflaggermus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Humleflaggermus
Humleflaggermus
Humleflaggermus
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Humleflaggermus
Utbreiinga av Humleflaggermus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Familie: Craseonycteridae
Slekt: Craseonycteris
Art: Humleflaggermus C. thonglongyai
Vitskapleg namn
Craseonycteris thonglongyai

Humleflaggermus (Craseonycteridae) er ein dyrefamilie i flaggermusordenen. Familien omfattar berre éin enkelt art, humleflaggermus (Craseonycteris thonglongyai), som berre er kjend frå Thailand og Myanmar. Ho blir rekna som det minste pattedyret i verda (litt avhengig av kva mål ein bruker).[1] Ho er også flaggermusa med det minste vengespennet.

Humleflaggermus er på storleik med ei humle. Kroppslengda er 29-33 mm og vekta rundt 2 g. Flaggermusa har ikkje hale. Snuten er butt og auga små, medan øyra er ganske lange og spisse. Naseopningane er store og tjukke og peikar rett framover, litt griseliknande. Bakbeina er relativt lange. Pelsfargen er grå eller raudbrun over ryggen og kvit-grå på buken. Hannen har ein kjertel under halsen.[1]

Humleflaggermus bur i kalkgrotter, der dei heng høgt under taket. Dei jaktar flygande insekt, ropa er både av høg frekvens og intensitet.[1]

Arten blei oppdaga så seint som i 1973 i Thailand og seinare også i Myanmar. Han er sjeldan og blir trua av avskoging i Thailand.[1] Verdas naturvernunion (IUCN) har klassifisert han som nær truga.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Frafjord, Karl (10. mai 2019). «humleflaggermus». Store norske leksikon (på norsk bokmål).  Fri artikkel
  2. Francis, C.; Bumrungsri, S.; Bates, P. (31. august 2018), «IUCN Red List of Threatened Species: Craseonycteris thonglongyai», IUCN Red List of Threatened Species (på engelsk), henta 6. oktober 2020