Hundålvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hundålvatnet
innsjø
Område Vefsn (Nordland)
Høgd over havet 200 moh moh
Areal 7 96 km² km²
Kystlengd1 28 50 km km
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hundålvatnet er ein regulert innsjø som ligg i Vefsn kommune i Nordland. Vatnet som naturleg renn nordover til Hundåla, vert no leidd vestover til Grytåga kraftverk.

Namnet er ikkje sikkert forklart. Det kan ha samanhang med ordet hunn eller hund, som i urnordisk må ha hatt ei tyding som har med jakt å gjere (jf. engelsk 'hunt'), og ordet ål, som i følgje Ivar Aasen i stadnamn synest tyde 'dal' eller 'vassdrag'. Ei anna forklaring kan vere at namnet Hundåla først vart gjeve til garden, avleia av eit elvenamn *Hunn som tyder fiskeelv og ål, om djupåla i fjorden der elva renn ut.[1]

Sørvasselva med eit nedbørsareal på 77 km² renn ut i Hundålvatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reidar Svare 1964: Gamle stadnamn i Vefsn
Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.