Hundesletta Ekeberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart
Hundesletta Ekeberg

Hundesletta, også kalla Svenskesletta, på Ekeberg ligg øvst i Ekebergskråninga i Oslo i dagens Bydel Nordstrand. Hundesletta ligg i Ekebergparken, som opna i september 2013.

Ein går ut frå at kampen mellom norske (danske) og svenske styrkar spelte seg ut her i 1567. Svenskane vann. I tilknyting til sletta låg ei stue kalla Svenskestua, som fekk namnet sitt frå Svenskesletta. Svenskesletta med Svenskestua var ein del av garden Jomfrubråten, som var ein del av Søndre Munkehagen seint på 1600-talet, eller tidleg på 1700-talet.

Under andre verdskrigen vart sletta brukt som æreskyrkjegard for tyske soldatar. Sletta har vore mykje brukt til hundedressur i nyare tid og fekk då namnet Hundesletta, i tillegg til namnet Svenskesletta som ho historisk har heitt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]