Hundholmenitt-(Y)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hundholmenitt-(Y) er eit mineral med den kjemiske samansetjinga (Y,REE,Ca,Na)15(Al,Fe3+)CaxAs1-x03+(Si,As5+)Si6B3(O,F)48(x = 0.78). Mineralet finst som brune aggregat og krystall på opptil 1 mm ved Hundholmen i Tysfjord i Nordland. Det er òg påvist i granittpegmatittane i Stetind og Lagmannsvik i Nordland.

Mineralet er isostrukturell med okanoganitt-(Y) og vicanitt-(Ce).

Det er kalla opp etter Hundholmen i Tysfjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Selbekk, Rune S.. (2009, 17. mai). Hundholmenitt-(Y). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/hundholmenitt-%28Y%29.