Songvårfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hundsøyfjorden)
Songvårfjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Songvårfjorden
58°01′25″N 7°50′13″E / 58.02373694°N 7.83702889°E / 58.02373694; 7.83702889

Songvårfjorden (historisk Hundsøyfjorden) er ein fjord i Kristiansand kommune. Fjorden ligg ute i havgapet mellom ei rekkje øyar, i området sør for Høllen og sjølve Søgne. Fjorden har innløp i aust, mellom Songvår fyr i sør og Skarvøya i nord. Fjorden strekkjer seg 8 km vestover til innløpet av Kumlefjorden, nær kommunegrensa til Mandal.

Av øyar på sørsida av fjorden finn ein Songvår, Grønningan, Ramnøy, Gjæve, Bøddelen, Drengene, Seiholmen og Vassøyan. På nordsida av fjorden ligg øyane Skarvøya, som ligg like sør for Ny-Hellesund, Hundsøya, Varholmen, Torsholmen, Lamholmen, Langøya, Geiderøya, Havnøyane og Åløya.

Frå Songvårfjorden strekkjer fjordane Høllefjorden, Torvefjorden, Rivenesfjorden og Trysfjorden seg nordover.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.