Hunua Ranges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hunua Ranges
åsrekkje
Land  New Zealand
Kart
Hunua Ranges
37°04′S 175°11′E / 37.07°S 175.18°E / -37.07; 175.18
Wikimedia Commons: Hunua Ranges

Hunua Ranges er ei rekkje åsar søraust for AucklandNordøyaNew Zealand. Dei dekkjer om lag 250 km², av dette er 178 km² verna område, og dei når ei største høgde på 688 moh. ved Kohukohunui. Auckland får mykje av vasstilførsla si frå reservoar i Hunua Ranges.

Skogane og åsane var i føreuropeisk tid nytta av maoriar for å skaffa mat, tømmer og som tilfluktsstad, men mindre for permanent busetnad. Området vart etter kvart kjøpt opp for å byggja ut vassforsyninga til Auckland, og seinare innlemma i dei regionale offentlege parkanlegga.

Åsane ligg om lag 50 km søraust for Auckland, ovanfor den vestlege breidda til havarmen Firth of Thames. Busetjinga er spreidd i området, det meste ligg innanfor grensene til Waharau og Hunua Ranges Regional Park. Somme kallar feilaktig området for Bombay Hills, men dette er i røynda ei mindre åsrekkje som ligg sørvest for Hunua Ranges.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.