Hurdal Glassverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hurdal Glassverk var eit foretak som vart oppretta i 1755 med det føremål å produsere glas. Verket var i drift til 1895.

Glasverket var frå oppstarten til det blei lagt ned spesialisert i å produsere kronglass til vindauge.[1] 1 1779 fekk det overført privilegiet til å produsere krystall og kvitt glas frå Nøstetangen Glassverk. I 1809 var denne produksjonen flytt til Gjøvik Glassverk.

Det produserte òg drikkeglas[2] og var frå 1842 ein del av Interessentskapet for Hurdal, Biri og Hadeland Glasværker, selskapet som seinare vart Christiania Glasmagasin.

Arbeidarar[endre | endre wikiteksten]

  • Hans Nilsen Hetty (1784-1831), glassblåsar[3]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ada Polak: Gamle glass fra Hurdal og Gjøvik, C. Huitfeldt forlag

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Glassportalen
  2. Ada Polak
  3. [1]Hans Nilsen Hetty på Nannestad slektsskog