Hurdalsrose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hurdalsrosa
Foto: Øyvind Holmstad

Hurdalsrose er ein sort i rosefamilien som er nytta som hageplante. Hurdalsrose høyrer truleg til alba-hybridane av roser og er ei hardfør buskrose (H7) som er vanleg i norske hagar.

Busken kan bli 4 meter høg og har ingen tornar. Blomen er rosa. Hurdalsrosa er ikkje remonterande, dvs. ho blomstrar berre ein gong på same kvist.

I følge tradisjonen kom denne kultivaren til Hurdal ved at ein presteson tok henne med seg heim frå Giessen i Tyskland på 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]