Hurdy Gurdy Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hurdy Gurdy Man
Singel av Donovan
B-side «Teen Angel»
Utgjeve Mai 1968 (UK)
Juni 1968 (U.S.)
Innspelt 3. april 1968, CBS Studios, London i England[1]
Sjanger Psykedelisk rock, folkrock, acid rock
Lengd 3:15
Selskap Pye
Epic (USA)
Låtskrivar(ar) Donovan
Produsent Mickie Most
Donovan UK-kronologi
«Jennifer Juniper»
(2/1968)
Hurdy Gurdy Man «Atlantis»
(1968)
Donovan USA-kronologi
«Jennifer Juniper»
(3/1968)
Hurdy Gurdy Man «Laléna»
(10/1968)

«Hurdy Gurdy Man» er ein song av den skotske musikaren Donovan. Han vart skriven og innspelt tidleg i 1968 og gjeven ut i mai same året som singel. Han var tittelsporetpå albumet The Hurdy Gurdy Man, som kom ut oktober dette året. Singelen nådde 5. plass i USA og 4. plass i Storbritannia. Songen vart skriven for den gamle venen og gitarmentoren til Donovan, Mac MacLeod. MacLeod var i eit dansk på denne tida kalla Hurdy Gurdy.[2][3] Songen har ein hardare rockestil enn det som var vanleg for Donovan med forvrengde gitarar. Han hadde òg ein indisk påverknad med bruk av tambura. Songen vart ein hymne for hippiar på grunna av den psykedeliske stilen.

I heftet som kom med dobbelplata til Donovan frå 1992, Troubadour: The Definitive Collection 1964-1976, er Allan Holdsworth og Jimmy Page oppførte på elektrisk gitar på songen, og John Bonham og Clem Cattini som trommeslagarar. Men i følgje John Paul Jones, som arrangerte og spelte bass på songen, spelte Clem Cattini trommer og Alan Parker elektrisk gitar.[4] Denne besetninga vart stadfesta av Cattini [5]

Innspelinga vart produsert av Mickie Most med Eddie Kramer som lydteknikar.

I intervju med Keith Altham for NME og Hit Parader, og Tony Wilson for Melody Maker,[2] forklarte Donovan at han skreiv «Hurdy Gurdy Man» som ei gåve for venen og den tidlegare gitarmentoren Mac MacLeod. Donovan ønskte at bandet til MacLeod, Hurdy Gurdy, skulle spele songen. Men Donovan endra meining om å gje bort songen og spelte han inn sjølv. Donovan hevda i eit intervju med Little Steven Van Zandt at han opphavleg hadde håpa at Jimi Hendrix skulle spele på songen, men han var ikkje tilgjengeleg. Jimmy Page har ofte vorte tilskriven på elektrisk gitar, som Donovan hevdar i Hannes Rossacher-dokumentaren frå 2008 Sunshine Superman: The Journey of Donovan.

På fleire konsertopptak fortel Donovan at det vart skriven eit tilleggsvers til songen av George Harrison som ikkje vart spelt inn på studioutgåva. Donovan spelar ofte dette verset på konsertane sine.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spela av mange andre artistar, som Steve Hillage, Butthole Surfers, Eartha Kitt, Wild Colonials, L.A. Guns, The Losers, Neil Pye frå The Young Ones, Howard Stern og Viva Voce.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]