Hurfeish
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hurfeish | |
חֻרְפֵישׁ, חורפיש | |
lokal kommune | |
Namneopphav: Tornebusk | |
Land | ![]() |
---|---|
Distrikt | Nord distrikt |
Koordinatar | |
Areal | 4,23 km² |
Folketal | 5 200 (2006) |
Folketettleik | 1 229 / km² |
Bystatus | 1967 |
Wikimedia Commons: Hurfesh | |
Hurfeish (arabisk حرفيش, hebraisk חֻרְפֵישׁ) er ein drusisk by i Det nordlege distriktet i Israel.
Hurfeish vart kringsett av den israelske hæren under Operasjon Hiram i oktober 1948. Ein plan av det israelske forsvaret om å utvise folkesetnaden i desember 1949, vart stoppa av utanriksdepartementet.[1]
Hurfeish fekk status som lokal kommune i 1967. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han eit folketal på 5 200 i 2006, med ein vekstrate på 1,9%. Dei fleste innbyggjarane er drusarar, med eit lite tal av kristne og muslimar. Mange av innbyggjarane tener som politi eller i det israelske forsvaret.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hurfeish» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.242 251,349
- ↑ Hurfeish-Nabi Salaban