Huronbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°37′50″S 60°06′50″W
Huronbreen
isbre
Huron.jpg
Huronbreen frå Camp Academia, with Moon Bay, Half Moon Island og Greenwich Island i bakgrunnen.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°37′50″S 60°06′50″W
Lengd 7,7 km
Administrert under Antarktistraktaten
Huronbreen is located in Antarktis
Huronbreen (Antarktis)

Huronbreen er ein 7,7 km lang og 3,5 km brei isbreLivingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Isbreen grensar til Bowles Ridge i nord, Wörner Gap i vest og Tangra Mountains i sør, og får is tilført frå fleire sidebrear som flyt frå fjellet på nordsida mellom Mount Friesland og Helmet Peak og går aust-nordaustover til han munnar ut i Moon Bay sør for Elemag Point og nord for Yana Point. Camp Academia ligg ved øvre Huronbreen, nordvest for forberga ved Zograf Peak.

Øvre Huronbreen frå Ongal Peak, med Kuzman Knoll og Bowles Ridge i bakgrunnen.
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Isbreen vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1958 etter den amerikanske skuta «Huron» (kaptein John Davis) i New Haven i Connecticut, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820–21 og 1821–22.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Huronbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).