Hurra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hip hip Hurra!» (1888) av Peder Severin Krøyer.

Hurra er eit utrop som blir brukt til å uttrykka glede, hylling, feiring og liknande.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «hurra» har usikkert opphav, men finst på mange europeiske språk som tysk (hurra), engelsk (hurrah, hooray, huzzah), nederlandsk (hoera), fransk (houra, hourra) og russisk (ura).[1]

Ordet kan ha ein samanheng med verbet «hurre» (norrønt hurra) som kan visa til noko som dundrer, kvervler eller ruser ståkande fram.[2] Det er også blitt sett i samband med jaktrop og med eit sjømannsrop brukt til å dra eller heisa med («heisau! hissa!»), særleg i den eldre engelske forma «huzza».[3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I eldre tekstar blir hurrarop ofte sagt å koma frå folkemengder, gjerne sjøfolk eller militære. Det kan brukast til å æra høgtståande folk, som kongelege. Utropet kan også brukast i samband med ulike sigrar.[3] I mange høve kan det ganske enkelt uttrykka glede over å ropa det: «The populace of a great city, who huzza for any thing that brings them together, huzzaed.»[4]

«Hurra» var kampropet til prøyssiske soldatar i fridomskrigane (Befreiungskriege) under Napoleonskrigane.[1] På tysk nytta ein det mykje i nasjonalistisk tyding, og ordet «Hurra-Patriotismus» blei eit omgrep for ei negativ form for nasjonalisme knytt til krigshissing.[a]

Ordet er blitt knytt til feiringar og festlege høve, som nasjonaldagar, fødselsdagar og anna. Songen «Hurra for deg som fyller ditt år!» illustrerer tilknytinga til fødselsdagsfeiring. Filmen Hurra for Andersens handlar om ei planlagd bryllaupsfeiring. Det har vore eit vanleg ord brukt til skåling, gjerne i forma «hipp hipp hurra», som i det kjende måleriet «Hip hip Hurra!» av Peder Severin Krøyer frå 1888.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå «Hurra-Patriotismus» på Tysk Wikipedia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «hurrah | hurray, int. and n.» OED Online. Oxford University Press, December 2014.
  2. «hurra» i Nynorskordboka.
  3. 3,0 3,1 «huzza, int. and n.», OED Online. Oxford University Press, December 2014.
  4. John Home, The History of the Rebellion in Scotland in 1745], 1802. The Annual review, and history of literature, Volume 1. Prenta for T.N. Longman and O. Rees, 1803. Også oppgjeve i «huzza, v.», OED Online. Oxford University Press, December 2014.