Hurrem Sultan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hurrem Sultan

Oljemåleri av Hurrem Sultan frå 1500-talet med påskrifta Rosa Solymanni Vxor (Rosa, kona til Süleyman)
Føddca. 1505
Rutenia
Død15. april 1558
Istanbul
TittelHaseki sultan
Hus eller slektDet osmanske dynastiet
GravstadSüleymaniyemoskéen
LandDet osmanske riket
EktefelleSuleiman I av Det osmanske riket
BarnŞehzade Mehmed, Mihrimah Sultan, Selim II av Det osmanske riket, Şehzade Beyazıt, Șehzade Cihangir, Şehzade Abdullah

Hurrem Sultan (ca. 1502–15. april 1558), også kjend som Roxelana, var fyrstekona til den osmanske sultanen Suleiman den store. Ho blei ei av dei mektigaste kvinnene i osmansk historie, og var ein framståande og kontroversiell person i tida kjend som kvinnesultanatet.

Hurrem Sultan var fødd i Rutenia (då ein austleg del av Kongeriket Polen, no i Ukraina) som dotter av ein ortodoks prest. Ho blei teken til fange av krimtatarar under eit slaveraid og kom etterkvart til Istanbul, hovudstaden i Det osmanske riket. Ho blei del av haremet til sultanen, og steig gjennom gradene til å bli favoritten til sultan Suleiman. I eit brot med osmansk tradisjon gifta han seg med Hurrem, slik at ho fekk status som kona hans; tidlegare hadde sultanar berre gifta seg med frie adelskvinner. Ho blei den fyrste kona til ein sultan som fekk tittelen Haseki Sultan. Hurrem levde resten av livet i hoffet til sultanen. Ho fekk seks barn med han, mellom dei den seinare sultanen Selim II. Ho var farmor til Murad III.

Hurrem fekk etterkvart mykje makt og påverka politikken i det osmanske riket. Gjennom ektemannen fekk ho ei aktiv rolle i statsstyringa. Ho var truleg rådgjevar for sultanen, skreiv diplomatiske brev til kong Sigismund II Augustus av Polen og støtta større offentlege byggeprosjekt (mellom anna Haseki Sultan-komplekset og Hurrem Sultan-badet i Istanbul og eit suppekjøkken i Jerusalem). Ho døydde i Istanbul i 1558, og blei gravlagd i eit mausoleum i Süleymaniye-moské-komplekset.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Fødenamnet til Hurrem er ukjent. Leslie P. Peirce har skrive at det kan ha vore anten Anastasia eller Aleksandra Lisowska. Blant osmanarane var ho hovudsakleg kjend som Haseki Hurrem Sultan eller Hurrem Haseki Sultan. Hurrem eller Khorram (persisk skrift خرم) tyder 'den gladlynte' på persisk. Den osmantyrkiske forma er خُرّم سلطان, romanisert Ḫurrem Sulṭān. På moderne tyrkisk blir namnet skrive Hürrem Sultan og uttalt [hyɾˈɾæm suɫˈtan].

Samtidige europeiske ambassadørar kalla henne la Rossa, la Rosa og Roxelana, med tydinga 'rutenarinna' eller 'den russiske kvinna',[1] for det påståtte rutenske opphavet hennar.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Kjelder tyder på at Hurrem Sultan opphavleg var frå Rutenia, som då var del av den polske krona.[2] Ho skal ha blitt fødd i Rohatyn 68 km søraust for byen Lwów (Lviv)[3] i noverande Ukraina. Ifølgje kjelder frå slutten av 1500-talet og tidleg 1600-tal, til dømes den polske diktaren Samuel Twardowski (døydde 1661), som forska på emnet i Tyrkia, skal Hurrem ha vore dotter av ein mann med etternamnet Lisovsky som var ein ortodoks prest av rutensk opphav.[3][4][5] Morsmålet hennar var rutensk, forløparen til moderne ukrainsk.[6]

I løpet av Selim I si regjeringstid,[7] det vil seia ein gong mellom 1512 og 1520, kidnappa krimtatarar henne under eit av slaveraida sine i Aust-Europa. Tatarane kan fyrst ha ført henne til byen Kaffa (no Feodosia) på Krimhalvøya, eit viktig senter for den omanske slavehandelen, før ho blei teken til Istanbul.[4][5] I Istanbul valde validen Hafsa Sultan henne ut som gåve for sonen sin, Suleiman. Hurrem blei seinare Haseki Sultan eller «favorittkonkubine» i det osmanske sultanharemet.[8] Michalo Lituanus skreiv på 1500-talet at «den mest elska kona av den noverande tyrkiske keisaren – mora til den fyrste [sonen] som vil styra etter han, blei kidnappa frå vårt land.»[a][9]

Shaykh Qutb al-Din al-Nahrawali, ein religiøs figur frå Mekka som vitja Istanbul seint i 1557, skreiv i memoara sine at Hurrem Sultan var av rutensk opphav. Ho hadde vore ein tenar i hushaldet til Hançerli Fatma Sultan, dottera til Şehzade Mahmud som var son av sultan Bayezid II. Ho blei gjeven til Suleiman då han framleis var ein prins.[10]

Tilhøve til Suleiman[endre | endre wikiteksten]

Avbilding av Suleiman den store som ung.

Roxelana eller Hurrem Sultan kom truleg inn i haremet då ho var rundt sytten år gammal. Det nøyaktige året ho kom inn i haremet er ikkje kjent, men forskarar trur at ho blei konkubina til Suleiman omlag på same tid som han blei sultan, i 1520.[11]

Hurrem si eineståande opphøging frå haremsslave til å bli den ektevigde kona til Suleiman og dronning av det osmanske riket vekte sjalusi og mishag ikkje berre frå rivalane hennar i haremet, men også frå befolkninga generelt. Ho blei snart den mest framtredande partnaren til Suleiman, ved sida av Mahidevran (òg kjend som Gülbahar). Medan dei eksakte datoane for fødslane til barna hennar er omstridd, er det akademisk semje om at fødslane til dei fem barna hennar - Şehzade Mehmed, Mihrimah Sultan, Şehzade Abdullah, sultan Selim II og Şehzade Bayezid - skjedde i løpet av kort tid dei neste fire til fem åra.[11]:130 Det siste barnet til Suleiman og Hurrem, Şehzade Cihangir, blei fødd med pukkelrygg, men på den tida hadde Hurrem fødd mange nok funksjonsfriske søner til å sikra framtida til det osmanske dynastiet.[11]:131

Det gode humøret og leikne temperamentet hennar gav henne tilnamnet Hurrem, frå persisk Khorram, 'den gladlynte'. I det keisarlege haremet i Istanbul blei Hurrem ein rival av Mahidevran, og påverknaden hennar på sultanen blei snart mykje omtalt. Hurrem fekk lov til å føda meir enn ein son i eit sterkt brot mot det tidlegare haremprinsippet om «éi konkubinemor — éin son,» som var meint å hindra både at mora fekk for stor påverknad over sultan og at heilbrør slost om trona.[9] Hurrem kom til å føda dei fleste av barna til Suleiman. I 1521 fekk ho sin fyrste son, Mehmed, som døydde i 1543. Ho fekk så fire søner til, og øydela dermed Mahidevran sin status som mor til sultanen sin einaste son.[12] Mor til Suleiman, Hafsa Sultan, klarte delvis å undertrykka rivaliseringa mellom dei to kvinnene.[13] Ifølgje ein rapport frå Bernardo Navagero førte den bitre kivinga mellom dei to til at det braut ut eit slagsmål der Mahidevran slo til Hurrem, noko som gjorde Suleiman arg.[14] Ifølgje den tyrkiske historikaren Necdet Sakaoğlu var ikkje desse påstandane sanne. Etter at sultanmora Hafsa Sultan døydde i 1534 auka Hurrem innverknaden sin i palasset, og ho tok over styret over haremet. Hurrem blei den einaste partneren til herskaren og fekk tittelen «haseki», som tyder 'favoritten'. Då Suleiman frigjorde henne og gifta seg med henne blei ho «haseki sultan». Å leggja «sultan» til namnet eller tittelen til ei kvinne indikerte at ho var ein del av dynastiet.[15]

I 1533 eller 1534 (nøyaktig dato er ukjend)[9] gifta Suleiman seg med Hurrem i ein storslått formell seremoni. Aldri før hadde ein tidlegare slave blitt opphøgd til statusen som den ektevigde maken til ein sultan, og hendinga overraska observatørar i palasset og byen.[16] Etter vigselen verserte ein ide om at sultanen hadde avgrensa sin eigen autonomi og blei dominert og kontrollert av kona si.[14]

Det var berre mogleg for Hurrem å gifta seg med Suleiman etter at Hafsa Sultan hadde døydd. Dette var ikkje nødvendigvis fordi Hafsa Sultan var sterkt imot giftarmålet, men fordi det ikkje var lov for ei konkubine å stiga over valide sultan (dronningmora) i rang.[17] Hurrem blei også den fyrste sultanmaken til å få tittelen haseki sultan.[14] Denne tittelen var i bruk i over eit hundreår, og spegla den store makta til keisarane sine koner, dei fleste av dei tidlegare slavar, ved det osmanske hoffet. Tittelen gav dei høgare rang enn osmanske prinsesser, og gjorde dei jamhøge med keisarinner i Europa. I dette høvet braut ikkje berre Suleiman med tidlegare skikk, men byrja ein ny tradisjon for framtidige osmanske sultanar: Å gifta seg i ein formell seremoni og gje konene sine betydeleg innverknad på hoffet, særleg når det gjaldt arvefølgje. I det osmanske samfunnet spelte mødrer også ei viktig rolle i utdanninga av sønene sine og i utviklinga av karrierane deira.[14] Hurrem fekk ei løn på 2 000 akçe per dag, noko som gjorde henne til ei av dei best betalte hasekiane.[9]

Etter at mor til Suleiman døydde i 1534 blei Hurrem den mest pålitelege nyheitskjelda hans. I eit av breva sine til Suleiman informerer ho han om situasjonen kring pesten i hovudstaden. Ho skriv: «Min kjæraste sultan! Om du spør om Istanbul, lir byen framleis av pesten, men han er likevel ikkje som den førre. Om Gud vil, kjem han til å forsvinna så snart du kjem tilbake til byen. Forfedrane våre sa at pesten forsvinn når trea feller blada om hausten.»[18]

Seinare blei Hurrem den fyrste kvinna som blei verande ved hoffet til sultanen heile livet. I den osmanske keisarlege familietradisjonen skulle maken til ein sultan berre bli verande i haremet til sonen hennar blei myndig, når han var rundt 16 eller 17 år. Då blei han send bort frå hovudstaden for å styra ein fjerntliggande provins, og mora hans følgde med han. Denne tradisjonen blei kalla sancak beyliği. Konene ville aldri venda tilbake til Istanbul dersom ikkje sønene deira kom på trona. I strid med denne eldgamle skikken blei Hurrem verande i Istanbul, sjølv etter at sønene hennar drog vekk for å styra dei avsidesliggande provinsane av imperiet.

Miniatyrmåleri av Topkapı frå Hünername frå 1584.

I tillegg flytta ho ut av haremet i det gamle palasset (Eski Saray) og flytta permanent inn i Topkapı-palasset etter at ein brann øydela det gamle haremet. Nokre kjelder seier at ho ikkje flytta til Topkapı på grunn av brannen, men som eit resultat av ekteskapet sitt med Suleiman. Uansett var dette nok eit betydeleg brot frå etablerte skikkar, sidan sultan Mehmed erobraren spesifikt hadde utskrive eit dekret om at ingen kvinner skulle få opphalda seg i den same bygningen der ein dreiv med regjeringssaker.:131 Etter at Hürrem flytta inn i Topkapı blei det kjent som Det nye palasset (saray-ı jedid).[14]

Ho skreiv mange kjærleiksbrev til Suleiman medan han var borte på felttog. I eit av breva sine skreiv ho:

«Etter at eg har lagt hovudet mitt mot bakken og kyssa jorda som dei velsigna føtene dine trør på, min sultan, sola og rikdommen til nasjonen min, viss du spør om meg, tenaren din som brunnen av det sterke saknet av deg, er eg som ein som har fått levra [tilsvarande hjartet] steikt; som har fått bringa øydelagd; som har auge fylte med tårer, som ikkje lenger kan skilja mellom natt og dag; som har falle i lengselshavet; desperat, galen av kjærleik til deg, i ei verre stilling enn den til Ferhat og Majnun, brenn denne lidenskapelege kjærleiken til deg, slaven din, fordi eg er blitt skild frå deg. Som ein nattergal, med endelause sukk og rop om hjelp, er eg i ein slik ein tilstand fordi eg er borte frå deg. Eg vil be til Gud om å ikkje gje denne smerta sjølv til fiendane dine. Min kjæraste sultan! Sidan det har gått ein og ein halv månad sidan sist eg høyrde frå deg, veit Gud at eg har gråte natt og dag og venta på at du skulle komma heim. Medan eg gret utan å vita kva eg skulle gjera, let den einaste Guden meg motta gode nyheiter frå deg. Då eg høyrde nyheitene, veit Gud, blei eg levande igjen sidan eg hadde døydd medan eg venta på deg.»[18]

Under pennenamnet sitt Muhibbi skreiv sultan Suleiman dette diktet for Hurrem Sultan:

«Trone av mitt einsame avlukke, min rikdom, min kjærleik, mitt månelys.
Min mest oppriktige venn, min fortrulege, mitt tilvære, min sultan, min einaste kjærleik.
Den venaste av dei vene...Min vår, min gladsynte kjærleik, min dag, min kjæraste, leande lauv...
Mine plantar, min søte, mi rose, den einaste som ikkje gjev meg mishag i denne verda...
Mitt Istanbul, mitt Caraman, jorda i mitt Anatolia
Mitt Badakhshan, mitt Baghdad og Khorasan
Mi kvinne med det vene håret, min kjærleik med dei skrå bryna, min kjærleik med auge fulle av ugagn...
Eg vil alltid lovprisa deg i min song
Eg, elskande med det plaga hjartet, Muhibbi med auge fulle av tårer, eg er lukkeleg.»[19]

Statlege saker[endre | endre wikiteksten]

Hurrem sultan er kjend som den fyrste kvinna i osmansk historie som tok for seg statssaker. Takka vera intelligensen sin fungerte ho som Suleiman sin sjefrådgjevar i statssaker, og ser ut til å ha hatt innverknad på både utanrikspolitikk og diplomati. Ho følgde ofte med han som politisk rådgjevar. Ho prenta seglet sitt og såg på rådsmøta gjennom eit nettingvindauge. Med mange andre revolusjonære endringar som desse, hadde ho innleidd ein epoke i det osmanske riket kalla «Kvinnestyret». Hurrem sin innverknad på Suleiman var så betydeleg at det gjekk rykte i det osmanske hoffet om at sultanen var blitt forheksa.

Innverknaden hennar på Suleiman gjorde henne til ei av dei mektigaste kvinnene i osmansk historie og i verda på den tida. Sjølv som ho berre var ein ektefelle var makta hennar samanliknbar med den mektigaste kvinna i det keisarlege haremet, som etter tradisjonen var mora til sultanen eller valide sultan. Av denne grunnen har ho vore ein kontroversiell skikkelse i osmansk historie - med påstandar om å at ho plotta mot og manipulerte dei politiske rivalane sine.

Kontroversar[endre | endre wikiteksten]

Hurrem sin innverknad i statssaker gjorde henne ikkje berre til ei av dei mest innverknadsrike kvinnene, men også til ein kontroversiell figur i osmansk historie, særleg på grunn av rivaliseringa hennar med Mahidevran og sonen Şehzade Mustafa, og storvesirane Pargalı Ibrahim Pasha og Kara Ahmed Pasha.

Hurrem og Mahidevran hadde til saman fødd seks şehzade (prinsar) for sultanen. Fire av dei levde forbi 1550-åra: Mehmed, Selim, Bayezid, og Cihangir. Av desse var sonen til Mahidevran, Mustafa, den eldste, og var før barna til Hurrem i arverekka. Etter tradisjonen ville ein ny sultan som kom til makta gje ordre om å drepa alle brørne sine for å sikra at det ikkje fann stad nokon kamp om makta. Denne skikken blei kalla kardeş katliamı, bokstaveleg «brør-massakre».[20]

Mustafa blei støtta av Ibrahim Pasha, som blei storvesiren til Suleiman i 1523. Hurrem har vanlegvis blitt halden i det minste delvis ansvarleg for intrigane kring utnemninga av ein etterfølgjar.:132 Sjølv om ho var ektefellen til Suleiman, hadde ho ikkje noka offisiell rolle. Dette hindra likevel ikkje Hurrem i å ha stor politisk innverknad. Sidan imperiet fram til Ahmed I si regjeringstid (1603–1617) ikkje hadde noko formelt middel for å nominera ein etterfølgjar, innebar arvefølgjer vanlegvis døden til konkurrerande prinsar for å hindra sivil uro og opprør. I forsøket på å unngå avrettinga av sønene sine, brukte Hurrem innverknaden sin til å eliminera dei som støtta Mustafa si tiltreding til trona.[16]

Ibrahim Pasha var ein dyktig leiar i hæren til Suleiman, men fall til slutt i unåde, fyrste under eit felttog mot det persiske safavidiske imperiet under den osmansk-safavidiske krigen (1532–55), då han gav seg sjølv ein tittel som inkluderte ordet «sultan». Det oppstod ein annan konflikt då Ibrahim og den tidlegare mentoren hans, İskender Çelebi, fleire gongar kom i konflikt om militær leiing og stillingar under safavidekrigen. Alt dette starta ein serie hendingar som kulminerte med at Ibrahim blei avretta i 1536 på ordre frå Suleiman. Ein går ut frå at innverknad frå Hurrem bidrog til Suleiman si avgjerd. Etter å ha hatt tre andre storvesirar på åtte år valde Suleiman ein svigerson av Hurrem, Damat Rüstem Pasha, som var gift med Mihrimah, til å bli storvesir. Forskarar har lurt på om Hurrem sin allianse med Mihrimah Sultan og Rüstem Pasha bidrog til å sikra trona for ein av Hurrem sine søner.:132

Mange år seinare, mot slutten av den lange regjeringstida til Suleiman, blei rivaliseringa mellom sønene hans tydeleg. Mustafa blei seinare skulda for å ha forårsaka uro. Under kampanjen mot safavidane i Persia i 1553, på grunn av frykt for opprør, gav Suleiman ordre om at Mustafa skulle avrettast. Ifølgje ei kjelde blei han avretta same året, skulda for å ha planlagt å avsetja faren; det er verken blitt bevist eller motbevist at han var skuldig i forræderiet han vart skulda for.[21] Det gjekk òg rykte om at Hurrem Sultan konspirerte mot Mustafa ved hjelp av dottera og svigersonen Rustem Pasha; dei ønskte å framstilla Mustafa som ein forrædar som i all løyndom hadde kontakt med sjahen av Iran. Etter ordre frå Hurrem Sultan hadde Rustem Pasha gravert seglet til Mustafa og sendt eit brev som tilsynelatande var diktert av han og sendt til Shah Tahmasb I, og sendte deretter Shah sitt svar til Suleiman. Etter at Mustafa døydde mista Mahidevran statusen sin i palasset som mor til arvingen, og flytta til Bursa. Ho levde likevel ikkje dei siste åra sine i fattigdom, ettersom stesonen hennar, Selim II, som blei sultan i 1566, gav henne ei overdådig lønn. Rehabiliteringa hennar var blitt mogleg etter at Hurrem døydde i 1558. Cihangir, den yngste sonen til Hurrem, skal ha døydd av sorg nokre månader etter nyheita om drapet på halvbroren sin.[22]

Sjølv om historiene om Hurrem si rolle i avrettingane av Ibrahim, Mustafa og Kara Ahmed er svært utbreidde, er ingen av dei baserte på førstehandskjelder. Alle andre skildringar av Hurrem, som startar med kommentarar frå osmanske historikarar frå 1500- og 1600-talet, så vel som av europeiske diplomatar, observatørar og reisande, er andrehands- og spekulative i natur. Fordi ingen av desse menneska – verken osmanarar eller utanlandske besøkande – hadde tilgang til den indre sirkelen av det keisarlege haremet, som var omgitt av fleire murar, stolte dei i stor grad på vitnesbyrd frå tenarane eller hoffmennene eller på den folkelege sladderen i Istanbul. Sjølv rapportane frå dei venetianske ambassadørane (baili) ved hoffet til Suleiman, den mest omfattande og objektive vestlege førstehandskjelda om Hurrem til dags dato, var ofte fylt med forfattarane sine eigne tolkingar av haremsrykta. Dei fleste andre vestlege kjelder frå 1500-talet om Hurrem, som blir sett på som svært autoritative i dag — som Turcicae epistolae ('Dei tyrkiske breva') til Ogier de Busbecq, emissæren til den tyske keisaren Ferdinand I til Porte mellom 1554 og 1562; omtalen av drapet på Şehzade Mustafa av Nicholas de Moffan; dei historiske krønikene om Tyrkia av Paolo Giovio; og reiseskildringa til Luidgi Bassano, som bygde på det han var blitt fortald.[9]

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Brev frå Hurrem Sultan til Sigismund II Augustus, som gratulerer han med å ha stige på den polske trona i 1549.

Hurrem var rådgjevar for Suleiman i statssaker, og ser også ut til å ha hatt innverknad på utanrikspolitikk og internasjonal politikk. To av breva hennar til kong Sigismund II Augustus av Polen (regjerte 1548–1572) har overlevd, og i løpet av levetida hennar hadde det osmanske riket generelt fredelege forhold til den polske staten i ein polsk-osmansk allianse.

I det fyrste korte brevet sitt til Sigismund II uttrykker Hurrem si største glede og gratulasjonar til den nye kongen i samband med at han kom til den polske trona etter at faren Sigismund I den gamle døydde i 1548. Det var òg eit segl på baksida av brevet. For fyrste og einaste gong i historia til det osmanske riket utveksla ein kvinneleg sultan brev med ein konge. Etter dette var det ingen slike utvekslingar, sjølv om etterfølgjarane til Nurbanu Sultan og Safiye Sultan utveksla brev med dronningar. Hurrem Sultan ber også kongen om å stola på utsendingen hennar Hassan Ağa, som hadde med seg ei munnleg melding frå henne. I det andre brevet sitt til Sigismund Augustus, skrive som svar på brevet hans, uttrykker Hurrem i superlative termar gleda si over å høyra at kongen er ved god helse og at han sender forsikringar om oppriktig vennlegheit og samband til sultan Suleiman den storslåtte. Ho siterer òg sultanen som skal ha sagt: «Med den gamle kongen var vi som brør, og om det gleder den Allmiskunnsame Gud, vil vi med denne kongen vera som far og son.» Saman med dette brevet sende Hurrem Sigismund II i gåve to par linskjorter og bukser, nokre belte, seks lommetørklede og eit handklede, med eit løfte om å senda ei spesiell linkåpe i framtida.

Det er grunnar til å tru at desse to breva var meir enn berre diplomatiske gestar, og at Suleiman sine tilvisingar til bror- eller farskjensler ikkje berre var ei politisk vending. Breva viser òg Hurrem sine sterke ønske om å etablera personleg kontakt med kongen. I brevet sitt frå 1551 til Sigismund II om ambassaden til Piotr Opaliński, skreiv Suleiman at ambassadøren hadde sett «Søstera di og kona mi.» Enten denne setninga viser til ein varm vennskap mellom den polske kongen og osmanske Haseki, eller om det antydar eit nærare forhold, peikar grada av intimiteten mellom dei definitivt til ei spesiell kopling mellom dei to statane på den tida.[9]

Velgjering[endre | endre wikiteksten]

Opprettingsdokumentet (waqfiyya) av Hürrem Sultan-moskéen, madrasaen og imaret (suppekjøkken) i Jerusalem frå 1556-1557.

I tillegg til den politisk styringa engasjerte Hurrem seg i fleire store offentlege byggearbeid, frå Mekka til Jerusalem (Al-Quds), kanskje med kalifen Harun al-Rashid si kone Zubaida sine arbeid som modell. Nokre av dei fyrste byggverka hennar var ein moské, to koranskular (madrassa), ei fontene, eit sjukehus for kvinner i nærleiken av kvinneslavemarknaden (Avret Pazary) i Istanbul (Haseki Sultan-komplekset). Dette var det fyrste komplekset bygd i Istanbul av Mimar Sinan i hans nye stilling som øvste keisararkitekt. Ho fekk også bygd moskékompleks i Adrianopol og Ankara. Ho fekk laga eit badehus, Hurrem Sultan badehus, for vitjande til Hagia Sophia like ved.[23] I Jerusalem grunnla ho i 1552 Haseki Sultan Imaret, eit offentleg suppekjøkken for å gje mat til fattige,[24] som skal ha gjeve mat til minst 500 folk to gonger til dagen.[25] Ho bygde også eit offentleg suppekjøkken i Mekka.[9]

Ho hadde ein kira som var sekretær og mellomledd for henne. Kven dette var er ikkje kjent. Det kan ha vore Strongilah,[26] som hadde vore kira for mor til Suleiman, eller Esther Handali.

Død[endre | endre wikiteksten]

Türben (mausoleet) til Hurrem Sultan ved Süleymaniyemoskeen i Fatih i Istanbul.

Hurrem døydde 15. april 1558 og blei gravlagd i eit kuppelmausoleum (türbe) som var dekorert med fine Iznik-fliser som synte paradishagen, kanskje ei tilvising til det smilande og glade lynnet hennar.[27] Mausoleet hennar ligg like ved det til Suleiman, ein separat og meir alvarsam kuppelstruktur, ved torget til Süleymaniye-moskeen.

Personlegdom[endre | endre wikiteksten]

Samtidige av Hurrem skildrar henne som ei kvinne som var slåande vakker, og ulik alle andre på grunn av det raude håret sitt.[28] Hurrem var òg intelligent, og hadde ein behageleg personlegdom. Kjærleik hennar for poesi blir rekna som ei av årsakene til at ho blei favorisert av Suleiman, som var ein stor beundrar av poesi.[29]

Hurrem er kjend for å ha vore svært gavmild mot dei fattige. Ho bygde mange moskear, skular, badehus og kvilestader for pilegrimar som reiste til den heilage byen Mekka. Det største filantropiske verket hennar var Den store waqfen i Al Quds, eit stort suppekjøkken i Jerusalem som gav mat til fattige.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Roxelana på eit ukrainsk frimerke frå 1997

Hurrem Haseki Sultan, eller Roxelana, er velkjend både i det moderne Tyrkia og i Vesten, og har vore gjenstand for fleire kunstnariske verk. I 1561, tre år etter ar ho døydde, skreiv den franske forfattaren Gabriel Bounin ein tragedie med tittelen La Soltane.[30] Denne tragedien var den fyrste gongen osmanarane blei viste på scenen i Frankrike.[31] Ho inspirerte måleri, musikalske verk (som symfoni nr. 64 av Joseph Haydn), ein opera av Denys Sitsjynsky, ein ballett, skodespel og fleire romanar, hovudsakleg på russisk og ukrainsk, men også på engelsk, fransk, tysk og polsk.

I tidlegmoderne Spania opptrer ho eller blir vist til i verk av Quevedo og andre forfattarar, i tillegg til i fleire skodespel av Lope de Vega. I eit skodespel med tittelen 'Den heilage ligaren' opptrer Tizian i det venezianske senatet der han seier at han nett har vitja sultanen, og viser fram måleriet sitt av Sultana Rossa eller Roxelana.[32]

I 2007 opna muslimar i den ukrainske hamnebyen Mariupol ein moské til ære for Roxelana.[33]

I ein miniserie for fjernsyn frå 2003, Hürrem Sultan, blei ho spelt av den tyrkiske skodespelaren og songaren Gülben Ergen. I tv-serien Muhteşem Yüzyıl frå 2011–2014 blei Hurrem Sultan spelt av den tyrkisk-tyske skodespelaren Meryem Uzerli frå fyrste til tredje sesong. I den siste sesongen blei ho spelt av den tyrkiske skodespelaren Vahide Perçin.

I 2019 blei ein omtale av Hurrem Sultan som russisk fjerna frå informasjonspanelet nær grava hennar ved Süleymaniyemoskeen i Istanbul på oppmoding frå den ukrainske ambassaden i Tyrkia.[34]

Bilettradisjon[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om ingen mannlege europeiske kunstnarar hadde tilgang til Hurrem i haremet hennar, blei det laga mange renessansemåleri av den kjende sultaninna. Forskarar er samde om at europeiske kunstnarar skapte ein visuell identitet for osmanske kvinner som for det meste var innbilt. Kunstnarane Tizian, Melchior Lorich og Sebald Beham hadde alle innverknad på å skapa ein visuell representasjon av Roxelana. Bilde av førstekona la vekt på venleiken og rikdommen hennar, og ho blir alltid vist med forseggjorte hovudplagg.

Den venezianske målaren Tizian skal ha måla Hurrem Sultan i 1550. Han vitja aldri Istanbul, og må anten ha førestilt seg henne eller ha hatt ei skisse av henne. I eit brev til kong Filip II av Spania seier målaren at han har send han ein kopi av Dronninga av Persia i 1552. Ringling Museum i Sarasota i Florida kjøpte originalvekret eller ein kopi rundt 1930.[35] Tizian sitt måleri av Roxelana er svært likt portrettet hans av dottera hennar, Mihrimah Sultan.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Sonen til Hurrem Sultan og Suleiman, Selim II, avbilda med raudt hår.

Hurrem fekk fem soner og ei dotter med Suleiman:

  • Şehzade Mehmed (1522, Topkapı i Istanbul–6. november 1543, Manisapalasset i Manisa, gravlagd i Şehzademoskeen i Istanbul). Den fyrste sonen til Hurrem. Mehmed styrte over Manisa frå 1541 til han døydde.
  • Mihrimah Sultan (1523, Topkapı–25. januar 1578, gravlagd i Suleiman I-mausoleet i Süleymaniyemoskeen). Den einaste dottera til Hurrem. Ho blei gift med Rüstem Pasha, den seinare storvesiren, 26. november 1539.
  • Şehzade Abdullah (1523/1524, Topkapı–1526, Topkapı, gravlagd i Yavuz Selim-moskeen)[36]
  • Selim II (30. mai 1524, Topkapı–12./15. desember 1574, Topkapı, gravlagd i Selim II-mausoleet i Hagia Sofia. Han var guvernør av Manisa etter at Mehmed døydde, og blei seinare guvernør av Konya. Han blei sultan 7. september 1566.
  • Şehzade Bayezid (1525, Topkapı–drepen 25. september 1561, Qazvin i Safavideriket, gravlagd i Melik-i Acem Türbe i Sivas). Han var guvernør av Kütahya og seinare Amasya.
  • Şehzade Cihangir (9. desember 1531, Topkapı–27. november 1553, Konya, gravlagd i Şehzademoskeen i Istanbul)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tittelen på denne boka er De moribus tartarorum, lituanorum et moscorum eller 'Om skikkane til tatarane, litaurane og moskovittane'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charles Thornton Forster, Francis Henry Blackburne Daniell (1881). The Turkish Letters of Ogier Ghiselin de Busbecq. London: Louisiana State University Press. note 1 s. 111-112. 
  2. Bonnie G. Smith, red. (2008). «Hürrem, Sultan». The Oxford Encyclopedia of Women in World History. Oxford University Press. ISBN 9780195148909. Henta 29 May 2017. 
  3. 3,0 3,1 Abbott, Elizabeth (1 September 2011). Mistresses: A History of the Other Woman. Overlook. ISBN 978-1-59020-876-2. 
  4. 4,0 4,1 "The Speech of Ibrahim at the Coronation of Maximilian II", Thomas Conley, Rhetorica: A Journal of the History of Rhetoric, Vol. 20, No. 3 (Summer 2002), 266.
  5. 5,0 5,1 Kemal H. Karpat, Studies on Ottoman Social and Political History: Selected Articles and Essays, (Brill, 2002), 756.
  6. Yermolenko, Galina I. (13. februar 2010). Roxolana in European Literature, History and Culture. Ashgate Publishing, Ltd. ISBN 9781409403746 – via Google Books. 
  7. Baltacı, Cahit. «Hürrem Sultan». İslâm Ansiklopedisi. Henta 22. april 2021. 
  8. Bonnie G. Smith, red. (2008). «Hürrem, Sultan». The Oxford Encyclopedia of Women in World History. Oxford University Press. ISBN 9780195148909. Henta 29 May 2017. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 Yermolenko, Galina (April 2005). «Roxolana: 'The Greatest Empresse of the East'». The Muslim World 95 (2): 231–248. doi:10.1111/j.1478-1913.2005.00088.x. 
  10. Nahrawālī, Muḥammad ibn Aḥmad; Blackburn, Richard (2005). Journey to the Sublime Porte: the Arabic memoir of a Sharifian agent's diplomatic mission to the Ottoman Imperial Court in the era of Suleyman the Magnificent; the relevant text from Quṭb al-Dīn al-Nahrawālī's al-Fawāʼid al-sanīyah fī al-riḥlah al-Madanīyah wa al-Rūmīyah. Orient-Institut. s. 200, 201 og n. 546. ISBN 978-3-899-13441-4. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Levin, Carole (2011). Extraordinary women of the Medieval and Renaissance world: a biographical dictionary. Westport, Conn. [u.a.: Greenwood Press. ISBN 978-0-313-30659-4. 
  12. «Ottoman Empire History Encyclopedia - Letter H - Ottoman Turkish history with pictures - Learn Turkish». www.practicalturkish.com. Arkivert frå originalen 1. juni 2008. Henta 25 May 2013. 
  13. Selçuk Aksin Somel: Historical Dictionary of the Ottoman Empire, Oxford, 2003, ISBN 0-8108-4332-3, s. 123
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Peirce 1993.
  15. Pierce, Leslie (2017). Hürrem Sultan. İstanbul: Türkiye İş Bankası Kültür Yayınları. s. 5. ISBN 978-605-295-916-9. 
  16. 16,0 16,1 Mansel, Phillip (1998). Constantinople : City of the World's Desire, 1453–1924. New York: St. Martin's Griffin. s. 84. ISBN 978-0-312-18708-8. 
  17. Pierce, Leslie (2017). Hürrem Sultan. Istanbul: Türkiye İş Bankası Kültür Yayınları. s. 13. ISBN 978-605-295-916-9. 
  18. 18,0 18,1 «Hürrem Sultan: A beloved wife or master manipulator? | Ottoman History». ottoman.ahya.net. Henta 26. april 2021. 
  19. «A Message For The Sultan - Sample Activity (Women in World History Curriculum)». www.womeninworldhistory.com. Arkivert frå originalen June 8, 2007. 
  20. Akman, Mehmet (1 January 1997). Osmanlı devletinde kardeş katli. Eren. ISBN 978-975-7622-65-9. 
  21. Peirce, 55.
  22. Mansel, 89.
  23. «Historical Architectural Texture». Ayasofya Hürrem Sultan Hamamı. Arkivert frå originalen 20 November 2015. Henta 19 November 2015. 
  24. Peri, Oded.
  25. Singer, Amy.
  26. Minna Rozen: A History of the Jewish Community in Istanbul, The Formative Years, 1453 – 1566 (2002).
  27. Öztuna, Yılmaz (1978). Şehzade Mustafa. İstanbul: Ötüken Yayınevi. ISBN 9754371415. 
  28. Talhami, Ghada.
  29. Talhami, Ghada.
  30. The Literature of the French Renaissance av Arthur Augustus Tilley, s. 87 Tilley, Arthur Augustus (Desember 2008). The Literature of the French Renaissance. ISBN 9780559890888. Arkivert frå originalen 20. september 2014. Henta 1. juli 2015. 
  31. The Penny cyclopædia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge s. 418 Penny Cyclopaedia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge. 1838. Arkivert frå originalen 20 September 2014. Henta 1. juli 2015. 
  32. Frederick A. de Armas "The Allure of the Oriental Other: Titian's Rossa Sultana and Lope de Vega's La santa Liga," Brave New Words.
  33. «Religious Information Service of Ukraine». Arkivert frå originalen 22 December 2012. 
  34. «Reference to Roxelana's Russian origin removed from label near her tomb in Istanbul at Ukraine's request». Interfax-Ukraine (på engelsk). 26 January 2019. Henta 28 January 2019. 
  35. Harold Edwin Wethey The Paintings of Titian: The Portraits, Phaidon, 1971, s. 275.
  36. Uzunçarşılı, İsmail Hakkı; Karal, Enver Ziya (1975).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hurrem Sultan