Hurt av Roy Hamilton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hurt
Singel av Roy Hamilton
Utgjeve 1954
Sjanger R&B
Selskap Epic 9086
Låtskrivar(ar) Jimmie Crane
Al Jacobs
Roy Hamilton-kronologi 
«Ebb Tide»
(1954)
Hurt «Unchained Melody»
(1955)


«Hurt» er ein song frå 1954 av Jimmie Crane og Al Jacobs. «Hurt» vart først framført av Roy Hamilton, og versjonen hans nådde åttaneplassen på R&B Best Seller-lista og låg i alt sju veker inne på lista.[1] Songen vert rekna som ein signaturlåt for Timi Yuro, som nådde fjerdeplassen på Billboard pop-lista i 1961. Juice Newton sin versjon frå 1985 gjekk til topps på countrylista.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Hurt
Singel av Juice Newton
frå albumet Old Flame
B-side

«Eye of a Hurricane»

Utgjeve November 1985
Innspelt August 1985
Sjanger Country
Selskap RCA 14199
Produsent Richard Landis
Juice Newton-kronologi 
«You Make Me Want to Make You Mine»
(1985)
Hurt «Old Flame»
(1986)


  • I 1961 gjekk Timi Yuro sin versjon av «Hurt» opp til fjerdeplassen på Billboard Hot 100,[2] andreplassen på Billboard Easy Listening-lista[3] og 22. plassen på R&B-lista.[4]
  • I 1964 spelte Little Anthony and the Imperials inn ein versjon på albumet deira «Goin' Out Of My Head».[5] Denne versjonen vart ein liten hit og nådde 51. plassen på Billboard Hot 100, to år seinare (1966).[6]
  • I 1964, Alain Barriere - «Ma vie» (fransk versjon).
  • I 1967, Dalida - «A qui»; (Hurt).
  • I 1967 fekk den italienske songaren Fausto Leali ein personleg triumf med ein lokal versjon kalla «A chi» som vart den bestseljande singelen i Italia det året.
  • I 1973 gav Bobby Vinton ut ein versjon av «Hurt». Vinton sin versjon gjekk til topps i Flamsk Belgia,[7] og tredjeplassen i Nederland,[8] og 40. plassen på Billboard Easy Listening-lista.[9] Songen kom ut i 1974 på albumet hans With Love.
  • I 1976 spelte Elvis Presley inn songen. Presley sin versjon nådde 28. plassen på Billboard Hot 100,[10] og sjuandeplassen på Billboard Easy Listening-lista,[11] sjetteplassen på Billboard Hot Country Singles-lista,[12] og 37. plassen UK Singles Chart.[13]
  • I 1976 spelte The Manhattans inn songen for albumet The Manhattans. Versjonen deira nådde 10. plassen på Billboard R&B-lista og fjerdeplassen på den britiske singellista.[14]
  • I 1981 spelte Carly Simon inn songen for Torch og vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet.
  • I 1986 fekk Juice Newton den tredje countryhitten sin på toppen av lista me sin versjon av «Hurt.»[15]
  • I 2003 song den italienske songaren Francesco De Gregori «A chi», ein versjon av «Hurt» på albumet Mix.
  • I 2015 spelte Patrizio Buanne inn songen i ein italiensk-engelsk versjon kalla «A Chi (Hurt)» for albumet hans Viva la Dolce Vita.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 243. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 695. 
  3. Timi Yuro - Chart History - Adult Contemporary, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
  4. Hurt - By: Timi Yuro[daud lenkje], MusicVF.com. Henta 26. juni 2017
  5. VideoYouTube
  6. Little Anthony & the Imperials - Chart History - The Hot 100, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
  7. Bobby Vinton - Hurt, Ultratop. Henta 26. juni 2017
  8. Bobby Vinton - Hurt, Nederlandsk Charts. Henta 26. juni 2017
  9. Bobby Vinton - Chart History - Adult Contemporary, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
  10. Elvis Presley - Chart History - The Hot 100, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
  11. Elvis Presley - Chart History - Adult Contemporary, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
  12. Hurt - By: Elvis Presley[daud lenkje], MusicVF.com. Henta 26. juni 2017
  13. Elvis Presley - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 26. juni 2017
  14. Hurt - By: The Manhattans[daud lenkje], MusicVF.com. Henta 26. juni 2017
  15. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 248.