Hurtigsjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hurtigsjakk (snøggsjakk) er sjakk der spelarane som hovudregel har mellom 15 minutt og 60 minutt med tenketid til å spele sjakkpartiet. Til dømes i Den opne Noregsmeisterskapen i hurtigsjakk er tenketida 30 minutt pr spelar og parti.

Den offisielle definisjonen i den norske omsettinga av Verdssjakkforbundet FIDE sine reglar for hurtigsjakk er følgjande: "Et "hurtigsjakkparti" er et sjakkparti der enten alle trekk må utføres i løpet av en gitt betenkningstid mellom 15 og 60 minutter; eller grunnbetenkningstiden + 60 ganger tillegget er mellom 15 og 60 minutter."

Enda raskare sjakk blir kalla lynsjakk. Vanleg turneringssjakk blir spela med tenketid frå 1 time på heile partiet, og oppover i mange variantar, sjeldan lenger enn 2 timar på 40 trekk, 1 time på 20 trekk og 30 minutt på resten av partiet for kvar av spelarane.

For å halde greie på tidsbruken, brukar spelarane ei sjakklokke. Moderne elektroniske sjakklokker har innstillingar som gjer at hurtigsjakk kan spelast med tilleggstid, f eks 15 minutt på partiet med 12 sekund tillegg pr trekk for kvar spelar. Etter definisjonen i FIDE sine reglar blir dette 15 minutt + 12 sekund x 60 trekk, dvs 15 minutt + 12 minutt, sum 27 minutt, og dermed klart innanfor definisjonen av hurtigsjakk.

Tenketida i hurtigsjakkk gjer at spelarane har begrensa med tid til å vurdere kvart enkelt trekk. Tenketida er likevel så lang, at kvaliteten på partia oftast er svært høg, og det er typisk dei beste sjakkspelarane som også er dei beste i hurtigsjakk. Dette til ei viss grad i motsetnad til lynsjakk, der det i større grad finst spelarar som er relativt mykje betre i lynsjakk enn i sjakk med lang tenketid. Noverande verdsmeister i sjakk, Viswanathan Anand frå India, har lenge vore rekna som den fremste hurtigsjakk-spelaren i verda.

Viss ein har brukt opp tida, så taper ein partiet, med visse unntak: Viss stillinga på brettet er matt eller patt, når vinst på tid blir kravd, så går resultatet på brettet framom. Ein kan heller ikkje tape på tid viss motstandaren ikkje har nok brikker igjen til å kunne sette matt, typisk at han har berre kongen tilbake. Då blir resultatet remis.

I hurtigsjakkturneringar er regelen for ulovlege trekk at dei skal rettast berre viss spelaren krev dette, i motsetnad til i vanlege parti med lang tenketid, der turneringsleiaren skal gripe inn viss ho eller han ser ulovlege trekk. Følgjene av eit ulovleg trekk er vidare at motstandaren blir tilkjent 2 minutt tillegg i tida, som i vanlege parti med lang tenketid. Og viss ein spelar gjer tre ulovlege trekk i same partiet, så kan motstandaren krevje vinst.

Norges Sjakkforbund godtar sjakkturneringar med tenketid ned til 25 minutt pr spelar og parti for berekning av Elo-rating.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]