Hurumlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hurumlandet mellom Drammens- og Oslofjorden. (Illustrasjon: Finn Bjørklid)

Hurumlandet er halvøya mellom Oslofjorden og Drammensfjorden. Ho er ein del av Buskerud fylke og inneheld kommunane Røyken og Hurum.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Hurum har kystbarskog, og innimellom åker- og kulturlandskap i indre strøk er det blandingsskog med lauvtrær og mykje gran. Av sjeldnare arter kan nemnast misteltein (i sør), vårmarihånd og vårkrossknapp.

Faunaen er dominert av den søraustnorske lauvskogens habitat, med rådyr, noko elg, hare, grevling og ulike gnagarar. Fuglelivet har tatt seg opp. Det hekkar mellom anna hegre, knoppsvane, ærfugl, strandsnipe og gråspett i Hurum. Det er også noko ål, knurr og sjøaure i havet langs kysten.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.