Husøy i Senja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husøy
tettstad
Husøy i Øyfjorden.
Foto: Åsta Haukås
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Areal 0,11 km²
Folketal 302  (2023)
Folketettleik 2 745 / km²
Postnummer 9389 HUSØY I SENJA
Preposisjon Husøy
Kart
Husøy i Senja
69°32′32″N 17°39′45″E / 69.542222222222°N 17.6625°E / 69.542222222222; 17.6625
Wikimedia Commons: Husøy

Husøy er ein tettstad med 302 innbyggjarar per 1. januar 2023 i Senja kommune i Troms. Staden ligg på den vesle Husøya i Øyfjorden nord på Senja. Det er molo over Husøysundet til Senja, og fylkesveg derfrå til Riksveg 861.

Husa ligg tett på Husøy. Ein av grunnane for å leggje busetjinga der var å unngå rasfåre samstundes med at det gjev kort veg til fiskefelta. På 1950-talet flytte mange frå det vêrutsette Øyfjordvær, som ligg litt lenger ute på andre sida av Øyfjorden, til Husøy. Vêret tek hardt på Husøy òg, og ein del av hustaka er bardunerte for at vinden ikkje skal få rive dei av.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Husøy i Senja
Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.