Husavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Husavik
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austevoll
Postnummer 5396 VESTRE VINNESVÅG
Preposisjon i Husavik

Husavik
60°1′5″ N 5°16′48″ E

Husavik (lokal uttale: Husavikjo) er ei bygd og ferjehamn søraust på Huftarøy i Austevoll kommune. Husavik er knytt saman med Sandvikvåg i Fitjar kommune med ferjesambandet Husavik-Sandvikvåg. Bygda har også bussamband med resten av Austevoll kommune.

Ein kan lesa om garden Husavik fyrste gongen i eit skriv frå 1563.

Husavik var ein av dei fyrste stadene i kommunen som hadde industriarbeidsplassar. Her vart det så tidleg som rundt 1910 etablert slepp og fabrikk for produksjon av båtmotorar av Aksel Olai Haukanes. Han utnytte fossekrafta frå elva som renn ned frå Husavikvatnet til å driva utstyret i fabrikken. Enno i dag finst det motorar som er produserte i Husavik.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]