Huset Bourbon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Huset Bourbon
Grand Royal Coat of Arms of France.svg
LandFrankrike, Navarra
Grein avHuset Capet
TitlarHertug av Bourbon, Konge av Navarra, Hertug av Vendôme, Konge av Frankrike, Hertug av Orléans, Konge av Spania, Hertug av Parma, Konge av Begge Sicilia, Storhertug av Luxembourg, Hertug av Sevilla
GrunnleggjarRobert, greve av Clermont
Siste herskarKarl X av Frankrike
Noverande overhovudLouis Alphonse, hertug av Anjou, Tronpretendent til kongedømmet Frankrike
Grunnlagd1272
Oppløyst1830
EtnisitetFransk
GreinerHuset Orléans

Huset Begge Sicilia

Huset Bourbon-Parma

Huset Bourbon er ei kongeætt som har regjert i Frankrike, Spania, og noverande Italia.

Det noverande huset Bourbon er ei grein av Huset Capet, gjennom bror til Filip III av Frankrike, Robert av Clermont, som gifta seg med Beatrix, ei dotterdotter til Arcimbold VII, den siste hertugen av det eldre huset Bourbon. Den bourbonske tittelen har fleire gonger vorte ført vidare gjennom kvinneledd. Den første kongen av Frankrike frå dette huset var Henrik IV av Frankrike (1553–1610), son til hertugen av Vendôme og dronning Johanna III av Navarra.

Namnet kjem av stamborga Bourbon l'Archambault i Frankrike. Første huset Bourbon, greven av Bourbon, er kjent sidan 900-talet.

Det franske kongehuset Bourbon vart grunnlagt av Henrik IV av Frankrike. Greiner av det franske huset Bourbon har òg regjert i Napoli og Sicilia og dessutan i Parma og innehar enno den spanske trona. Ei grein av ætta fekk tittelen prins av Condé. Den greina døydde ut i 1830. Det einaste statsoverhovudet av ætta i dag er Juan Carlos I av Spania.

Liste over regentar frå huset Bourbon[endre | endre wikiteksten]

Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Franske monarkar[endre | endre wikiteksten]

Datoane viser regjeringstid

Pretendentar til den franske trona[endre | endre wikiteksten]

Franske monarkar[endre | endre wikiteksten]

Legitime pretendentar til den franske trona[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]