Husfred
| Husfred | |
Husfred | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Roseordenen Rosales |
| Familie: | Neslefamilien Urticaceae |
| Slekt: | Soleirolia |
| Art: | Husfred S. soleirolii |
| Vitskapleg namn | |
| Soleirolia soleirolii | |
Husfred (Soleirolia soleirolii) er ein fleirårig plante i neslefamilien. Han er krypande og teppedannande med ovale, grøne blad som er 3-4 mm lange.

Husfred stammar frå Korsika og Sardinia. Han er den einaste nolevande arten i slekta Soleirolia.
Husfred trivst i fuktige område. Han er som regel eviggrønn, men kan forsvinna om vinteren i kjølege område før han kjem tilbake om våren.
Han er også blitt dyrka som hageplante og i kaldare strøk som husplante. Han kan mellom anna veksa i sprekker mellom heller, i steingardar og i steinbed. Nokre stader kan planten få for godt fotfeste og bli til eit ugras i bed og plenar. Sidan planten kan spreia seg gjennom vegetativ formeiring av små plantebitar, kan han vera svært vanskeleg å bli kvitt.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«husfred» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. «Soleirolia» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.