Hushjelp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hushjelp avbilda i det danske bladet Punch i 1889.
Banksy: Sweep at Hoxton, 2008

Hushjelp er ein person som er tilsett i ein privat heim for å gjera husarbeid, pleieoppgåver eller føra tilsyn.

Bruk av hushjelpar har variert mykje blant ulike stader, samfunnsgrupper og tidsperiodar. ‎Store, rike hushald kan ha hatt ei mengd tenarar som omfatta fleire hushjelpar med ulik status og arbeidsområde. Ofte pleide hushjelpar å bu i den heimen dei arbeidde i. I nyare tid er det blitt vanlegare med hushjelp som kjem innom heimen og utfører noko husarbeid etter avtale, men som ikkje er der fast.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fram til midten av 1900-talet var det svært vanleg å ha hushjelp i land som Noreg, og det fanst mange ulike roller for hushjelpar.

På gardar kunne ein ha taus eller tenestejente, i borgarlege heimar kunne det vera snakk om pike (stuepike, enepike), husjomfru og hushalderske. Hushjelpar med særleg ansvar for barnepass kunne vera barnepike eller barnestuepike. Folk som arbeidde med kjøkkenarbeid kunne vera kjøkkenjente/gut, kokk/kokke og liknande. Andre hushjelproller for personar som typisk ikkje budde fast i hushaldet kunne vera sydame og vaskekone (som utførte klesvask).

Herskapelege hushald kunne ha fleire tenarstillingar innan hushaldninga for begge kjønn, med stillingar som pasje, lakei, herskapstenar og hovmeister.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Hushjelpyrket blei lovregulert av hushjelploven av 31. mai 1963. Seinare blei denne erstatta av arbeidsmiljøloven av 2005, som gjennom forskrift også gjeld arbeidstakarar som utfører husarbeid, tilsyn eller pleie i heimen til ein arbeidsgjevar. Hushjelpar har rett til ferie etter reglane i ferieloven av 29. april 1988.[2]

I tida frå 1900 til 1946 var det å vera hushjelp det mest utbreidde yrket for unge kvinner i Noreg.[3] Folketeljingar viser ein nedgang frå 1930, då 120 000 kvinner dreiv med lønna husarbeid, til 81 000 i 1946 og 50 000 i 1950. Nedgangen er blitt forklart med ein større tilgang på anna og meir reuglert lønnsarbeid for kvinner, større velstand for samfunnslaga hushjelpar typisk kom frå, og endringar i utføring av husarbeid og barnepass.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hushjelp