Husmor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alette Engelhart, leder av Norsk husmorforbund 1946–59, på norsk kjøkken i 1950. Kjøkkenarbeid omfatter først og fremst matlaging og oppvask.

Husmor er ei kvinne, vanlegvis gift og heimeverande, som er ansvarleg for ein heim, det vil sei ein bustad eller husstand, gjerne ein familie med born. Ei husmor utfører husarbeid (husstell) og styrer i heimen. Husmor kunne tidlegare også vere tittelen på ei kvinne som var tilsett for å ta seg av hushald og den økonomiske drifta av eit hushald, på ein gard, ein institusjon, eit internat, eit storkjøken eller liknande.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mellom- og etterkrigstida vart kjernefamilien og husmora, som stelte for mann og barn, lagde mat, sydde klede, vaska, handla og rydda i huset, dyrka som felles ideal i det norske samfunnet, både av sosialdemokratar og konservative. Med oljeindustri og etterkvart deindustrialisering frå 1970-talet kom ei endring. Fleirtalet av kvinner tok utdanning og løna arbeid utanfor heimen. Dette førte til dramatiske endringar av kjønnsrollene. Nye haldningar til skilsmisse, sambuarar og seksualitet, radikalt forskjellige frå dei dominerande haldningane hjå tidlegare generasjonar, fekk gjennomslag i denne perioden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Husmor