Husmus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husmus
Husmus
Husmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av husmus
Utbreiinga av husmus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Musefamilien Muridae
Underfamilie: Murinae
Slekt: Mus
Underslekt: Mus
Art: Husmus M. musculus
Vitskapleg namn
Mus musculus

Husmusa (Mus musculus) er ein gnagar som høyrer til musefamilien. Musene kan kjennast att på den mørkt gråbrune pelsen med gultonar på ryggen og sidene, smussgrå buk og gulgrå føter og tær, føtene er skittenbrune med kvite ytre tåledd. Halen til husmusa er om lag like mørk på undersida som på oversida, mens halen til skogsmusa er tydeleg lysare på undersida. Eit sikkert kjenneteikn hos husmusa er eit lite, men skarpt hakk på baksida av framtennene.

Øvre framtenner med tydeleg hakk
Foto: Magne Flåten

Den har ei kroppslengd på 8–9 cm, hale på 8–9 cm og ei vekt på 15–30 gram. Husmusa har ikkje veldig godt syn, men velutvikla høyrsle- og kjenslesansar.

Husmus kan haldast som kjæledyr og laboratoriedyr. Ho blir mykje brukt som modellorganisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Husmus
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.