Husnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den sørlege delen av Husnesfjorden sett frå Vikefjell på Sunde. På andre sida av fjorden ser vi Stord, og bak der fjellet Siggjo på Bømlo. Midt i biletet ser vi til venstre litt av Halsnøy, vidare Kubbholmen og Svinøyo og til høgre litt av Huglo.

Husnesfjorden er ein del av Hardangerfjorden. Fjorden ligg aust for Stord, nord for Halsnøy og Husnes i Kvinnherad og sør for Huglo og Tysnes. Fjorden er ei fortsetjing av Halsnøyfjorden og held fram 18 km vidare nordaustover som Kvinnheradsfjorden.

Husnesfjorden har innløp mellom Hysstadøyane ved Leirvik på Stord i vest og Halsnøy kloster i aust. Frå her følgjer han kommunegrensa mellom Stord og Kvinnherad nordaustover på sørsida av Huglo. På vestsida går Langenuen nordover til Selbjørnsfjorden mellom Stord og Tysnes. Nord for Halsnøy ligg tettstaden Sunde på fastlandet. Frå her går det snøggbåt over til Ranavik på Halsnøy og vidare til Leirvik på Stord. Frå Ranavik går det ferje over fjorden til Skjersholmane på Stord. Nord for Sunde ligg tettstaden Husnes, som fjorden er kalla opp etter. Frå her held fjorden fram nordover til Herøysund der Kvinnheradsfjorden startar.

Nordaust for Huglo, som høyrer til Stord kommune, ligg Skorpo i Tysnes kommune. Frå Skorpo og nordaustover ligg det fleire øyar. Først kjem Flornes, som er ein del av Tysnesøya, så Seløya, Midtøya og Ånuglo, som er den austlege grensa for innløpet til Kvinnheardsfjorden.