Hussainiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hussainiya i Dar es Salaam i Tanzania

Hussainiya (persisk حسینیه‎ hoseyniye), også kjend som ashurkhana, imambargah, imambara eller sorghus, er ein forsamlingshall for tolvar-sjiamuslimar der dei kan halda minneseremoniar, særleg i samband med muharram[1] Namnet hussainiya kjem frå Husayn ibn Ali, barnebarnet til profeten Muhammad, som blir minna under muaharram.[2]

Ein hussainiya er ikkje det same som ein moské. Namnet kjem frå Husayn ibn Ali, den tredje av dei tolv imamane og barnebarnet til profeten Muhammad. Husayn døydde i slaget ved Karbala den 10. oktober 680 e.Kr., under styret til Ubayd Allah ibn Ziyad. Sjiamuslimar markerer martyrdommen hans kvart å under asjura, den 10. muharram.[3] Det finst også andre seremoniar ein held i hussainiyaer i løpet av året,[4] men ein held ikkje nødvendigvis jumu'ah (fredagsbøn) her.

I Sør-Asia kan ein også kalla bygningane imambara, imambargah og ashurkhana. I Afghanistan og Sentral-Asia blir dei også kalla takyakhana. I Bahrain og Dei sameinte arabiske emirata blir dei kalla ma'tam (مأتم).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk bilde frå Zanjan azam hussainiya i Iran

Frå Safavid-tida i Iran byrja sjiaer å halda dei religiøse og sørgande seremoniane sine ikkje berre på tak eller i overbygde gangvegar, men også i spesialbygde hussyniaer og takyehar.[5] Kvar hussaynia hadde nokre buer (eller rom) og arkadar, både i store og små storleikar. Frå Zand-dynastiet av blei det bygd mange større takyehar for å halda tazia, der det var eit podium ein meter frå bakken for å visa dei forskjellige elementa av tazieh.[6] Hussainiyaene blei påkosta gjennom donasjonar og gåver.[7][8]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Frå ein hussayniya i Iran

Hussainiya blir brukt under muharram, safar og ramadan for sørgerituale som rawda khwani og sineh zani.[9] Hussainiya kan også bli brukt til å husa reisande[10] og pilgrimar, og til å gje mat til fattige.[11] Sidan hussainiya er ein sentral stad for sjiasamlingar, speler dei også ei viktig rolle i å halda fast ved den religiøse identiteten sin, særleg for sjiaer i diasporaen.[12]

Kjende hussayniaer[endre | endre wikiteksten]

Imambara Wazeer Un Nisa i Amroha i India
  • Hosseinieh Azam Zanjan moske i Zanjan i Iran
  • Azakhana Syed Dost Ali, Mohallah Katkoi, Amroha, bygd i 1766/1767
  • Hussaini Dalan i Dhaka i Bangladesh
  • Prithimpasha Nawab Bari Imambara, i Kulaura i Bangladesh
  • Bara Imambara, i Lucknow i India
  • Chhota Imambara, i Lucknow i India
  • Hooghly Imambara, i Hooghly (W.B.) i India
  • Nizamat Imambara, i Murshidabad i India
  • Badshahi Ashurkhana, i Hyderabad i India
  • Hosseiniyeh Ershad, i Teheran i Iran
  • Hussaini Imambara Asim Raza Abdi, i 100/46, Colonel Ganj Kanpur
  • Imambara Ghufran Ma'ab, i Lucknow, India
  • Azakhana Wazeer-un-Nisa i Amroha i India.
  • Imambargah Haveli Sa'daat, one of the oldest Imambargahs in Gujranwala, Pakistan.
  • Imambargah Bait Aal e Imran, i Kotla Arab Ali Khan i Gujrat i Pakistan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Juan Eduardo Campo (1 January 2009). Encyclopedia of Islam. Infobase Publishing. s. 318–. ISBN 978-1-4381-2696-8. 
  2. Marafi, Najebah (29 September 2012). The Intertwined Conflict: The Difference Between Culture and Religion. ISBN 978-1477128367. 
  3. Hussainiya i Encyclopædia Iranica
  4. Hussainiahs and Takkiahs mashreghnews.ir
  5. Zoka, Yahya. History of Royal Citadel in Tehran and guide to Golestan Palace, (تاریخچه ساختمانهای ارگ سلطنتی تهران و راهنمای کاخ گلستان), vol 1. s. 283. 
  6. The Iranian social history, (تاریخ اجتماعی ایران) written in persian, V 5, P 340
  7. Ansari Qomi. Iran's endowments in Iraq, ( موقوفات ايرانيان در عراق), vol 2. s. 74–82. 
  8. Ebrahimnegad Shirvani, Pourabbas, Mahbubeh-sadat, Ata. «The Role of Ashura rituals and post-Ashura days in spiritual health through promoting religious-oriented normal behavior: A practical model». 
  9. «Tekyeh & Hussainiya». persiaadvisor. 
  10. Kaempfer, Engelbert (2018). Exotic Attractions in Persia, 1684-1688: Travels & Observations. Mage Publishers; 1st Hardcover edition (April 3, 2018). ISBN 978-1933823911. 
  11. Juan Eduardo Campo (1 January 2009). Encyclopedia of Islam. Infobase Publishing. s. 318–. ISBN 978-1-4381-2696-8. 
  12. Vermon James Schubel (1996). “Karbala as Sacred Space among North American Shi'a” in Making Muslim Space in North America and Europe, edited by Barbara Metcalf, 186-203. Berkeley: University of California Press.