Hussein Ahmed Salah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hussein Ahmed Salah
Statsborgarskap Djibouti
Fødd 31. desember 1956 (65 år)
Ali Sabieh
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Hussein Ahmed Salah (fødd 31. desember 1956) er ein tidlegare langdistanseløpar frå Ali Sabieh i Djibouti som vann VM-sølv 1987 og 1991 i maratonløp, samt OL-bronse på distansen i 1988. Han er den einaste idrettsutøvaren frå Djibouti med OL-medalje.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1985 vann Salah Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) sin verdscup i maraton, mellom anna sigra han i Hiroshima maraton og vart andremann i New York. Året etter triumferte han i Paris maraton.

Salah tok så sølvmedaljen i maratonløpet under VM 1987 i Roma, på plassen bak Douglas Wakiihuri frå Kenya og plassen føre Gelindo Bordin frå Italia. I april 1988 sprang Salah sitt livs fortaste maraton då han vart nummer 2 i Rotterdam maraton på tida 2.07.07, 17 sekundar bak Belayneh Densamo frå Etiopia, begge løparane på tider under verdsbestetida til Carlos Lopes frå Portugal.

I dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul sprang Salah inn til bronsemedalje, 27 sekundar etter Bordin og 12 etter Wakiihuri, dei to andre medaljevinnarane frå VM året i førevegen. I 1991 sikra Salah seg i Tokyo eit nytt VM-sølv, halvminuttet bak heimefavoritten Hiromi Taniguchi.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]