Hussein bin Ali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den sjiamuslimske martyren, sjå Husayn ibn Ali.
Hussein bin Ali

Hussein bin Ali (18541931) var sjarif og emir av Mekka og sjølvutnemnd konge av Hedsjas 1916–24.

Hussein bin Ali var arabar fødd i Istanbul under Det osmanske riket. Han blei utnemnd til vernar av dei heilage stadene i Hedsjas etter Den ungtyrkiske revolusjonen i 1908. I 1916, under første verdskrigen, innleia han i samspel med britane Arabaropprøret mot tyrkarane. I 1924 utropte han seg vidare til kalif over alle muslimar.

Hussein bin Ali blei anerkjend som konge av Hedsjas av stormaktene, men måtte seinare i 1924 gje opp makta etter å ha blitt overvunnen av naboherskaren Abdulaziz Ibn Saud. Hussein bin Ali flykta til Kypros og deretter til Amman i Jordan. Her døydde han i 1931 og blei gravlagd i Jerusalem.

Han var far til kongane Abdullah I av Jordan og Feisal I av Irak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]