Hustadvika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om havstykket i Møre og Romsdal. For kommunen, sjå Hustadvika kommune.
Uvær på Hustadvika.
Foto: Frode Inge Helland

Hustadvika er eit drygt 10 nautiske mil langt ope havstykke i skipsleia mellom Molde og Kristiansund i Møre og Romsdal fylke. Farvatnet er grunt og oppfylt av mindre øyar og skjer og med Norskehavet ståande like på. Havstykket er difor rekna som eit av dei farlegaste langs norskekysten og fleire skip har forlist her. Eit av dei mest dramatiske forlisa var Roktaforliset i 1938.

Ved det nordre innløpet til Hustadvika ligg Kvitholmen fyr; her fører Lauvøyfjorden inn på vestsida av Averøya. Ved det sørlege innløpet til Hustadvika ligg Bjørnsund fyr utanfor munningen av Harøyfjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]