Husvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den tidlegare kvalstasjonen. For tettstaden i Noreg, sjå Husvik i Tønsberg.
Husvik
kvalstasjon
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°10′48″S 36°42′42″W / 54.18°S 36.7116°W / -54.18; -36.7116
Kart
Husvik
54°10′00″S 36°42′00″W / 54.16666667°S 36.7°W / -54.16666667; -36.7
Strømnesfjorden med (venstre til høgre) Husvik, Strømnes, og Leith Harbour (NASA).
Strømnesfjorden med (venstre til høgre) Husvik, Strømnes,
og Leith Harbour (NASA).
Strømnesfjorden med (venstre til høgre) Husvik, Strømnes,
og Leith Harbour (NASA).
Husvik is located in Antarktis
Husvik (Antarktis)

Husvik er ein tidlegare kvalstasjon nord på den sentrale kysten av Sør-Georgia. Han var ein av tre slike stasjonar i Strømnesfjorden, i lag med Strømnes og Leith Harbour. Husvik starta først som eit flytande kvalkokeri i 1907. I 1910 vart det bygd ein landstasjon som var i drift til 1930. Drifta starta opp att mellom 1945 og 1960. Husvik var òg ein av stadane det vart sett ut reinsdyr på Sør-Georgia i 1925.

Dei tre kvalstasjonane Husvik, Stromness og Leith var knytte saman av ein ujamn veg langs stranda. Under kvalfangstida nytta kvalfangarar i Strømnes og Husvik vegen for å dra til Leith Harbour der det var kino. Vegen kan framleis nyttast, men er enkelte stader umogeleg å passere på grunn av aggressive pelsselar som ynglar her i november og desember.

Husvik ligg ved Strømnesfjorden.

Fryseanlegget vart demontert og flytta til Grytviken i 1960 og kvaldrifta ved Husvik vart nedlagt for godt. Seinare har forskarar frå British Antarctic Survey nytta huset til kvalfangstbestyraren når dei har arbeidd i området fram til midten av 1990-åra. I nyare tid har BSES-ekspedisjonen i desember 2003 nytta stasjonen baseleir for fleire forskingsprosjekt.

I lag med Leith, Strømnes og Prince Olav Harbour vert det rekna som for farleg å vitje desse stasjonane i dag på grunn av bygningar som står i fare å falle ned og asbest. Vitjande må i dag halde seg minst 200 meter frå bygningar og strukturar. Sidan 2011 har ein derfor ikkje hatt løyve til å vitje bestyrarbustaden. Kaianlegget ligg òg innanfor denne 200 meterssona og kan derfor ikkje nyttast. Ein koloni med Leucocarbo-skarvar hekkar på kaien kvart år.

Sommaren 2005/6 leigde South Georgia Heritage Trust inn eit lag med norske handverkarar for å restaurere somme av bygningane i Husvik. I mars 2006 hadde bestyrarbustaden og radiohytta, og eit lite generatorskur, vorte restaurert.

Sør for Husvik ligg ein gravplass der 34 kvalfangarar vart gravlagde mellom 1924 og 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]