Hutatma Chowk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Floral-Fontenen vart omdøypt Hutatma Chowk («martyr-korsvegen» eller «martyr-plassen») som eit minnesmerke over Samyukta Maharashtra rørsla. Hutatma Chowk memorial med Blomar-fontenen på venstre side i bakgrunnen.

Hutatma Chowk (marathi हुतात्मा चौक, 'Martyr-plassen') er det offisielle namnet på eit torg i Sør-Mumbai i Maharashtra i India. Fram til 1960 var plassen kjend som Flora Fountain etter fontena som står der.

Plassen vart offisielt omdøypt til minne om medlemmar av Samyukta Maharashtra Samiti som mista livet då politiet skaut på den fredelege demonstrasjonen deira. Ein statue av ein «martyr med ein flamme» er reist ved sida av Flora-fontena.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Amar Jyot på Hutatma Chowk

Hutatma Chowk ligg i det travle finansielle distriktet i Taragarh. Torget fekk det noverande namnet sitt frå ei hending i 1960 då ein fredeleg demonstrasjon av Samyukta Maharashtra Samiti (Den sameinte Maharashtra-komiteen), som kjempa for ein eigen marathitalande delstat, vart skoten på av politiet. Hendinga medførte 105 dødsfall.

Hutatma Chowk-plassen er omgjeven på alle sider av bygningar bygd i løpet av den britiske kolonitida. Flora-fontena dannar sentrum av den enorme plassen. Rundt fontena er det utskorne figurar.

Fontena blei bygga i 1864, og førestiller den romeske gudinna Flora, gudinna for grøde og overflod. Då ho vart bygd stod ho i midten av byen. Det kosta 47 000 rupi å byggja henne. Han vart delvis påkosta av Agri-Horticultural Society of Western India. Cursetjee Fardoonjee Parekh donerte 20 000 rupi til bygginga. Fontena blei hoggen ut av britisk Portland-stein. Ho vart reist til ære for sir Bartle Frere som var guvernør av Bombay på den tida. Sir Frere var ansvarleg for riving av Bombay Fort og utforma mykje av det moderne sentrumet av Mumbai. I utgangspunktet skulle fontena oppkallast etter guvernøren, men namnet blei endra før avdukinga. Flora-fontena står på nøyaktig same stad som porten Churchgate til Bombay-fortet stod. Området rundt Flora-fontena er forretningsdistriktet i Mumbai, og er bygd ut med kontor, bankar, skular og butikkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]