Hopp til innhald

Huzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huzhou
湖州市 (pinyin Húzhōu)
by
Land  Folkerepublikken Kina
Provins Zheijang
Areal 5 820,26 km²
Folketal 2 893 542 (2010)
Tidssone Standard kinatid (UTC+8)
Kart
Huzhou
30°53′33″N 120°05′15″E / 30.8925°N 120.0875°E / 30.8925; 120.0875
Plasseringa av Huzhou i Zhejiang
Plasseringa av Huzhou i Zhejiang
Plasseringa av Huzhou i Zhejiang
Wikimedia Commons: Huzhou

Huzhou er eit byprefektur heilt nord i provinsen Zhejiang i Folkerepublikken Kina. Han har eit areal på 5 817 km² og om lag 2,56 millionar innbyggarar (2002). Huzhou er delt opp i to bydistrikt og tre fylke.

Elva Xitiao renn gjennom byen og straks ved munnar ho ut i den store innsjøen Tai Hu i deltaet til Chang Jiang.

Næringsvliv

[endre | endre wikiteksten]

Huzhou er kjende for silkeproduksjon, og er blitt kalla «Silkebyen». Han er også kjend for produksjon av fine kalligrafipenslar gjennom mange hundreår.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 104 går gjennom prefekturet. Han byrjar i Beijing, går sørover via Dezhou og vidare til Jinan i Shandong, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Riksveg 318 i Kina, ein av dei lengste hovudvegane i landet, går også gjennom området. Han tek til i Shanghai og går mellom anna innom Wuhan og Chengdu på sin veg inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.

Kjende folk frå Huzhou

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Huzhou