Hvaler Kunstforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hvaler Kunstforening er eit kunstlag i Hvaler kommune, skipa 28. februar 2002 med Kari Haagenrud som leiar. Biletkunstnaren Eva Lange (1944-2017) overtok seinare som leiar, og skulle då kome til å stå i brodden for kunstlagets storsatsing, Stenkunst Hvaler, ein permanent skulpturpark med norske og utanlandske kunstverk som vart oppretta på Røsshue på Kirkøy, fullført i 2009.

Kunstlaget har sitt utstillingslokale i den såkalla Kunstgaten i Hvaler rådhus på Skjærhalden på Kirkøy. Dette er eit lokale i fronten av rådhuset som var avsett til kunstutstillingar. Rådhuset stod ferdig i 2000, og kunstlaget vart skipa som fylgje av eit kommunalt initiativ for å få engasjert kunstinteresserte i lokalsamfunnet til å administrere dette galleriet. Kunstlaget fekk ein solid start ved å arrangere ei minneutstilling av verk av Guy Krohg hausten 2002, som vart ein publikums- og salssuksess.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]