Hvalstrand bad

Koordinatar: 59°50′35.124″N 10°29′26.052″E / 59.84309000°N 10.49057000°E / 59.84309000; 10.49057000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hvalstrand Bad)

59°50′35.124″N 10°29′26.052″E / 59.84309000°N 10.49057000°E / 59.84309000; 10.49057000

Funkisbygningen på Hvalstrand bad med stupetårnet i bakgrunnen.
Stupetårnet med avsatsar på tre, fem og ti meter. Holmen heilt til høgre på fotografiet er naturreservatet Hvalskjær.

Hvalstrand Bad er eit kommunalt friluftsbad, sjøbad, med badestrand og naturareal på nordsida av ytre parten av Leangbukta i Indre Oslofjord i Asker kommune. Her er 240 daa friområde med 550 meter strand. Asker kommune er eigar av grunn, bygningar og innretningar ved å ha evigvarande avtale om bruksrett til området frå 1976.

Badeanlegget er bygd i stengt gjennomført funksjonalistisk stil. Wilhelm Roede på Hval gård, som eigde grunnen, hadde saman med skipsreiar Rudolf Olsen skipa eit aksjeselskap for å få bygd badeanlegget, som vart opna 1. juni 1934. Dei hadde året før engasjert den norsk-franske arkitekten André Peters til å teikne eit moderne badeanlegg med restaurant. På bakveggen i restauranten vart det måla eit bølgjemotiv i blått og grønt. Elles fekk anlegget stupetårn, uvêrskur, ei rutsjebane med små flate traller med små hjul som gjekk på ein skjenegang, og som ein låg eller satt på for å rase nedover og ut i sjøen, kioskar, brygger, og leiinga sin eigen pjolterstad, «Direksjonen». Etter andre verdskrigen gjekk det etter kvart nedover med anlegget, drifta vart ulønsam, og Asker kommune kjøpte seg inn i 1960 for at folk framleis skulle kunne nytte stranda, og i 1978 tok kommunen over heile anlegget. Då var resturanten nedlagt og forfallet hadde teke til. I 1993 gjorde Riksantikvaren framlegg om å verne heile anlegget. Stupetårnet stod då til nedfalls og vart rive og erstatta med ein ny kopi. I 1994 vart det av anlegget som var teke vare på, inklusive det nybygde stupetårnet, freda etter at det vart sett i gang ei totalrenovering.

Hvalstrand bad og Ingierstrand bad på austsida av Bunnefjorden er dei to viktigaste offentleg tilgjengelege, utbygde sjøbada på kvar si side av Oslo frå mellomkrigstida og i dei første tiåra av etterkrigstida, og er flittig nytta den dag i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hvalstrand bad