Hyasint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hyacinthus orientalis)
Jump to navigation Jump to search
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå hyasint i geologi.
Hyasint

Hyacinthus orientalis0.jpg

Vitskapleg namn
Hyacinthus orientalis
Utbreiing
Område: Opphavleg Sørvest-Asia, no dyrka overalt i temperert klima
Systematikk
Rike: Plantae
Divisjon: Spermatophyta
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Asparagales
Familie: Hyacinthaceae
Slekt: Hyacinthus
H. orientalis

Hyasint (H. orientalis) er ein fleirårig laukplante i hyasintslekta som er mykje brukt som prydplante. Blomane har sterk, søt lukt, og det finst ulike varietetar med mange ulike blomefargar. Hyasint har namn etter den greske sogefiguren Hyakinthos. Planten er også kjend som svibel.

Illustrasjon av ulike typar hyasint med lauk.

Hyasint stammar frå Sørvest-Asia, og har vore dyrka i flere hundreår. Han kan veksa på friland eller dyrkast i potter, særskide glas og liknande. Han er knytt til feiringa av persisk nyttår (navroz), der han ofte blir brukt til å pynta haft sin-bordet. I vestlege land som Noreg er det vanleg å driva han fram innandørs slik at han blomstrar ved juletider.

Allereie i 1768 var det kjend ca. 1800 sortar av hyasint. Særleg i Nederland har ein drive storstilt dyrking av planten, og landet er kjend for å produsera gode laukar.

Hyasinter er rekna som giftige, og plantesafta deira kan vera irriterande. Den sterke lukta dei gjev frå seg kan også skapa allergiske reaksjonar.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hyasint